– Å herregud, det var så deilig det her. For ein stor siger for oss. Måten vi tok oss opp igjen etter Sverige-kampen var utruleg. OL-håpet lever, seier tomålsscorar Ada Hegerberg.
Ada Hegerberg scora 3–1 målet for Norge i det 82. minutt. Ho vart spelt gjenom av Isabell Herlovsen og aleine med keeper gjorde ho ingen feil. Det same skjedde igjen på overtid, Herlovsen til Hegerberg, 4–1.
Revansje frå sist
Norge tok leiinga i kampen etter halvtimen, då Hegerberg fann Emilie Haavie i feltet med eit innlegg.
2–0 kom etter ein times spel etter scoring av kapteinen Maren Mjelde.
– Det var deilig å score, vi gjer ein ufattelig bra kamp og får revansjert oss frå den forrige kampen mot Sverige. Alt fungerte for oss i dag, seier kaptein Maren Mjelde til Max.
Det vart spennande mot slutten, etter at Nederland reduserte med 25 minutt igjen av kampen, men Norge trakk tilslutt det lengste strået.
- Les også:
Må ha hjelp frå Nederland
For at Norge skal ta seg til OL må dei no slå Sveits i den siste kampen i gruppespelet, i tillegg til at Nederland må slå svenskane. Svenskane slo nemleg Sveits 1–0.
Då vil det bli avgjort på innbyrdes målforskjell mellom dei tre laga, men med 4–1 mot Nederland lever håpet om Rio for dei norske fotballjentene.
– Eg er veldig stolt av dei, dei treff perfekt med inngangen til kampen. For ein fotballkamp vi gjennomfører her idag. Det er ein kjempeprestasjon. Det er ikkje opp til oss om vi skal til OL, vi må slå Sveits og håper Nederland gjer jobben mot Sverige. Men uansett, det vi viser her er bra for framtida, seier landslagssjef Roger Finjord.
Norge tapte den første kampen, 1-0 mot Sverige, etter at Sverige scora etter to minutt av kampen.
Norges lag (4-4-2): Cecilie Fiskerstrand - Ingrid Moe Wold, Marita Skammelsrud Lund, Nora Holstad Berge, Elise Thorsnes - Kristine Minde, Maren Mjelde, Trine Rønning, Emilie Haavi - Ada Hegerberg, Caroline Graham Hansen.
Benken: Kristine Nøstmo, Ingvild Stensland, Andrine Hegerberg, Hege Hansen, Lisa-Marie Karlseng Utland, Isabell Herlovsen, Lene Mykjåland.