– Det er klart det er spennande og hyggeleg, men det er ikkje noko eg har fokus på no, seier Martin Ødegaard i haugen av fans som vil ha stortalentets autograf.
15-åringen snakkar om den mykje omtala interessa frå Europas fotballstormakter. VG meldte i dag at Barcelona skal sjå vidunderbarnet spele mot Sogndal til helga.
I tillegg skal klubbar som Manchester United, Bayern München, Manchester City og Chelsea ha sett tenåringen i aksjon denne sesongen.
– Fokuset mitt er på å bli bedre i Strømsgodset. Det er det einaste fokuset eg kjem til å ha framover også, seier fåmælte Ødegaard til NRK.
Rundt 30 klubbar har kontakta Ødegaards pappa
Strømsgodset-profilen debuterte under Celtic-manager Ronny Deilas leiing denne sesongen.
14. april blei han tidenes yngste eliteseriespelar.
16. mai blei Ødegaard tidenes yngste målscorar i eliteserien då han sendte klubben opp i 4-0-leiing over Sarpsborg.
Sidan har superlativa hagla rundt spelaren.
– Han har ein forståelse og ein teknikk som overgår alt eg tidlegare har sett i livet mitt, sa Deila etter debuten mot Aalesund.
Det har kanskje også pappa Hans Erik Ødegaard fått høyre - frå klubbar som har meldt si interesse for spelaren.
Pågangen har vore så stor at han ser ut til å ha mista teljinga over kor mange som har henvendt seg.
– Ca. 30 klubbar. Kan hende det er 27. Kanskje 34, men rundt 30 totalt sett, skriv Hans Erik Ødegaard på SMS.
SJÅ VIDEO: Det største talentet Ronny Deila har sett