Odd hadde ikkje tapt på sine åtte siste heimekampar i eliteserien før avspark søndag. Lite tyda på at Brann skulle bryte den sterke rekka i Skien.
Men det overraska nok mange at Brann blei knust over 90 minutt mot dei kvitkledde cupfinalistane.
To sjølvmål og ein rekord etter start stod bergensarane slukøyra igjen på banen.
Tårene rant hos enkelte fans. Stemninga var rett og slett så dårleg at trenar Rikard Norling måtte forklare seg for dei tilreisande frå Bergen.
– Det er ikkje så mykje å forklare, seier ein knust Norling til CMORE.
– Kva er det som tyder på at Brann skal heve seg?
– At vi er sterke i hovudet og at vi er i stand til å mobilisere krefter til neste kamp.
– Er dette din tøffaste periode som Brann-trenar?
– Det vil ikkje vere respektfullt overfor fansen om eg svarar noko anna. Dette er ein utfordrande situasjon, seier Norling.
Huseklepp har ikkje gitt opp
Erik Huseklepp tok følge med Norling bort til fansen, som kokte over av frustrasjon.
– Fansen støttar oss uansett. Det er fantastisk, seier Huseklepp etter å ha blitt stilt til veggs av fansen.
Huseklepp har ikkje gitt opp kampen om å overleve i eliteserien.
– Det er tungt, men vi har vore på ei god stigning ei stund. No må vi vise at vi klarer ein trøkk i trynet også.
Ny Johnsen-rekord
Det var klasseforskjell på Odd og Brann i Skien. Overhøvlinga kan også feirast med kake.
Superveteran Frode Johnsen scora nemleg sitt 46. eliteseriemål for dei kvitkledde. Det gjør han til tidenes mestscorande Odd-spelar i eliteserien. Morten Fevang har 45 mål.
– Det var godt å passere Morten. Han var midtstoppar, så det har vore litt flaut å ligge bak. Det var på høg tid at nokon passerte han, seier Johnsen til CMORE.