– Du ser på kroppsspråket at han er i godt humør. Han har fått ro rundt treninga og alt fungerer bra, seier Ole Thonstad som saman med Stig Rune Kveen dannar det nye trenar-teamet i Team Northug.
Veldig solid
Petter Northug tok sin andre siger på rad då han avgjorde fellesstarten med skibyte under Toppidrettsveka på Aure i dag.
28-åringen viste gode gamle takter på oppløpet og spurtslo Ilya Chernousov. Trønderen var 1, 5 sekund føre russaren i mål. Øystein Pettersen kom inn på ein tredjeplass.
– Det han gjorde i dag var veldig, veldig solid, skryt Thonstad og fortsetter:
– Det blei skikkelig kniving mot Chernousov på slutten som drog i veg og fekk ei bra luke opp den siste bakken. Men Petter gira om og tok han igjen og vann, seier den nye trenaren.
Enkel oppskrift
Dermed ser det ut til at Northug er i ferd med å slå tilbake etter den svake fjorårssesongen og fyllekøyringa i mai. Og i følge Thonstad er oppskrifta enkel.
– Det er ikkje noe hokus pokus. Han har jo fått trent samanhengande både i mai og i heile sommar utan sjukdom og avbrekk. Og det er utruleg kva det hjelper på formen. Han er veldig motivert, har godt humør og alt er berre fryd og gammen, seier Thonstad.
Northug har for det meste gjort unna treningsøktene i heimbygda Meråker og i Trondheim. Det har blitt mange timar med mengdetrening på rulleski og løpeturar i terrenget. Samt styrke- og spenstøkter.
Høgdeopphald
Neste helg reiser Team Northug på ei tre veker lang høgdesamling i Seiser Alm i Italia. Allereie i november er det sesongopning på Beitostølen.
Men før det ventar ein knallhard treningskvardag for olympiameisteren.
- Det er ei stund til vinteren, og det er no kvardagen byrjar. Treninga blir hardare og dagane blir kortare. Det er viktig å kome gjennom denne tøffe perioden og få trent det du har planlagt uten opphald. Då har vi gjort jobben. Og så byrjar sesongen i november, seier Thonstad.
Mens Stig Rune Kveen er den som skal følge Northug tettast, skal Thonstad sitje meir på utsida og evaluere treningsarbeidet.
-Vi skal utfylle kvarandre, seier Ole Thonstad.