– Tyskarane har lagt inn protest på oss, og vi la inn protest mot dei, Begge protestane vart avvist seier landslagstrenar Bjørn Kåre Ingebrigtsen til NTB.
Med det gjekk Norge til topps.
– Er du framfor har det ingenting å seie, sa Magnus Moan til Norges ankermann, Jørgen Graabak etter målgang.
Situasjonen oppsto med om lag 50 meter att til mål. Tyskaren var på veg opp og forbi Graabak og hadde høgare fart, men så fekk han nordmannen sin stav inn i skia si og ramla.
Då han kom seg på beina att og omsider kryssa mållinja gjekk han rett bort til Graabak, med nokre gloser som nok ikkje egnar seg på trykk.
– Den som er først inn på oppløpet får velge bane mot mål, men det er jo opp til juryen å bestemme kven som kom inn på oppløpet først, seier NRKs ekspert, Fred Børre Lundberg.
Misfornøgd Graabak
Etter målgang sa Jørgen Graabak dette om den dramatiske innspurten.
– Det har ein tendens til å bli litt action når eg og Fabian er på sisterunden. Eg er eigentleg misfornøgd med spurten. Ein dritdårleg spurt, men eg fekk noko ut av det. Det er sånt som skjer, seier han.
Monsteropning av Moan
Norge gjorde det bra i hoppbakken og starta langrennet 24 sekund bak Tyskland. Det henta Magnus Moan i eit jafs på den første etappen, og det skulle bli ein duell mellom Norge og Tyskland. På den andre etappen måtte Jan Schmid gje tre sekund til verdscupvinnar Eric Frenzel, men det henta Magnus Krog inn kjapt.
Inn til siste veksling fekk Tyskland nok ein gong to sekund ned til Norge.
– Riessle klinker til frå start her. Han vil ikkje møte Graabak i ein spurt, sa NRKs kommentator, Peder Mørtvedt, etter tredje og siste veksling.
Men Graabak lot seg ikkje vippe av pinnen, og henta tyskaran på nokre få hundre meter. Resten av løpet vart eit lureløp, før det vart full dramatikk på oppløpet. Det har skapt debatt på Twitter, og tyskarane reagerer.