Hopp til innhold

Langt norsk steg mot kvartfinale

Norge tok eit langt steg mot kvartfinale med 4–2 over Kasakhstan i kveldens VM-kamp. Mats Zuccarello avgjorde i tom kasse.

VM i ishockey. Norge mot Kasakhstan.

SUPERSCORING: Olimb-brørne gjer Kasakhstan-spelarane svimle før Mathis set inn 3–2

Laster innhold, vennligst vent..

– Det var deilig å få inn det siste målet så dei ikkje kan ta oss igjen, seier Zucca til NRK. Han synest ikkje det betyr stort at det er han som scorar.

– Men det er sjølvsagt godt å vinne. Og spelar vi som vi gjer her, har vi god sjanse til å gå vidare, seier Zuccarello.

– Draum som går i oppfylling

Johannes Johannesen scora første målet - hans første i VM.

– Det var ubeskriveleg, ein draum som går i oppfylling, sa 19-åringen som stod bak 1-0-målet. – Dette er ein «boost» for sjølvtilliten, seier han.

Landslagssjef Roy Johansen var ein letta mann.

– No er nedrykksfaren liten. Og vi har sjanse til kvartfinalen, seier Johansen, som leiar landslaget i si siste VM-turnering.

Brørne Ken Andre og Mathis Olimb scora på nytt kvar sitt mål, akkurat som mot Sveits. Og 3-2-målet var ei familiebedrift.

– Vi veit stadig betre kvar vi har kvarandre ute på isen, og i dag gjorde vi ein ny bra match, seier Mathis til NRK.

Begge Olimb-brørne scora igjen. (Artikkelen held fram)

Brødrene Ken Andre og Mathis Olimb var godt fornøyd etter 4-2 seieren mot Kazakhstan.

43-29 i skot

Norge var klart best i det meste av kampen, og vann skotstatistikken 43-29. men utteljinga var dårleg, og det var dramatisk og uvisst til Norges fjerde mål to og eit halvt minutt før slutt.

NRK følgde kampen.

Med sigeren gjekk Norge opp til fjerdeplass på tabellen, på same poengsum som Sverige. Og Norge tok også eit solid steg vekk frå nedrykksstriden.

Sjå Zuccas 4-2-mål her. Artikkelen held fram.

Ishockey VM. Norge mot Kasakhstan

AVGJORT: Mats Zuccarello set inn 4–2 i tomt bur

Norsk leiing tre gonger

Det starta så bra. Johannes Johannessen sette inn 1–0 frå langt hald med si første VM-scoring etter berre 3.24 i første periode.

Men fire sekund før dagens første norske utvising var over, sette Kasakhstans amerikanske rekke inn utlikninga.

I midtperioden låg Norge klart over i spel, og 13.04 ut i perioden avslutta Ken Andre Olimb eit norsk angrep med scoring, og 2–1.

Det heldt berre i to og eit halvt minutt. Igjen kontra Kasakhstan inn utlikning mot slutten av ei norsk utvising.

Men mindre enn to minutt før siste pause tok Norge leiinga med dagens vakraste scoring. Ken Andre Olimb fekk kontroll over pucken, la inn til broder Mathis, som køyrde karusell med motstandarane før han smelte pucken i nettaket. Dermed 3–2.

Og då Kasakhstan tok ut keeper med to og eit halvt minutt att, nytta Mats Zuccarello sjansen til å sette pucken i tomt bur. 4–2.

Norges neste kamp er mot Tsjekkia torsdag.

Norge jubler

JUBEL: Heile det norske laget ut på isen etter det avgjerande målet

Foto: Anders Engeland / NRK
Laster innhold, vennligst vent..

Siste nytt

  • Storhamar knuste Vålerenga

    Storhamar var klart best og vant den tredje kampen 4-1 i NM-finaleserien mot Vålerenga.

    Laget fra Hamar leder nå 2–1 i kamper, og mangler to seire på å sikre seg kongepokalen.

    Storhamars Sverre Rønningen ble kampens store spiller med to mål for vertene.

    NM-sluttspillet ishockey menn, finale 1. kamp (best av 7), Storhamar -Vålerenga (5-1)
    Foto: Lise Åserud / NTB
  • Norsk hockey-tap i Ungarn

    Norge tapte 1–2 mot Ungarn i en privatlandskamp i ishockey fredag kveld.

    Viktor Granholm scoret Norges mål i overtall i det som NTB omtaler som en kamp som «ikke vil bli husket lenge».

    Norge møter Ungarn til ny kamp lørdag.

    Ishockey, treningskamp: Norge-Frankrike (3-4)
    Foto: Alf Simensen / NTB
  • Lyn vant etter kjempetabbe

    Lyn tok sesongens første seier da LSK Kvinner ble slått 1–0 i Toppserien fredag kveld.

    Kampens eneste scoring kom etter en fæl tabbe fra LSKs forsvarsspiller Camilla Huseby. Hun spilte ballen rett i beina til Lyns Jenny Røsholm Olsen, som vippet ballen over keeper og i mål.

    Lyn står dermed med fire poeng på fire kamper, mens LSK Kvinner står med to seirer og to tap etter fire runder.

    Toppserien i fotball 2024: Portretter av Lyn
    Foto: Fredrik Varfjell / NTB

Sendeplan

Kl. Program Kanal