– Det har stor negativ betydning for Norge dersom Molid ikkje er med. Ho har vore forsvarssjefen som vi etterlyste før VM og vi kjem til å merke det dersom ho må stå over, seier NRKs håndballekspert Geir Oustorp.
Søndag formiddag gjennomførte landslaget den siste treninga før vinn-eller-forsvinn-møtet med Tyskland.
Mari Molid kunne ikkje trene saman med laget.
– Ho fekk ei kjenning i kneet og vi tok ingen sjansar. Det skjedde på oppvarming, sa Thorir Hergeirsson til Dagbladet.
– Det er usikkert om ho speler. Mari har vore ein av dei bedre spelarane på laget og vi håpar at ho blir klar, men vi veit ikkje, seier Hergeirsson.
Har imponert
Dersom Molid ikkje speler vil ho bli erstatta av Pernille Wibe, som har vore reserve i forsvar så langt i VM.
Ikkje optimalt, meiner Oustorp.
– Det eg synst har vore veldig bra med Mari Molid er korleis ho har stått fram og samarbeida med Veronica Kristiansen og Heidi Løke. Det også har sett er at Molid blir med framover i ankomsten. Det får vi ikkje med Wibe.
Bekymra
– Det er heldigvis slik at Norge har stor bredde i troppen og har fleire gode spelarar i bakhånd når nokon blir skada, seier NRKs håndballekspert
– Men dette er bekymringsfullt. Eg er sjølvsagt bekymra for at det no ikkje skal bli kvartfinale.
– Kva trur du Tyskland tenker no?
– Tyskarane tenker nok mest på seg sjølv er nok redde for Norge. Dei har nok førebudd seg mest på korleis dei kan stoppe Norges angrep, og der har ikkje Molid vore så sentral, seier Oustorp.