– Dette var ei forferdeleg bursdagsfeiring. Det er mogleg to kampar på 24 timar er for mykje, sa ein skuffa Ask til NRK.
Ask blei 34 år i dag, og trass i at han scora 2–2 for Noreg i første periode, blei 5-2-tapet tung å svelgje på bursdagen.
– Eg skulle gjerne fått ein siger i dag, sa Ask.
- Slik var: Slovakia - Noreg 5-2
Keeper Lars Haugen måtte sjå fem puckar i nettet bak seg. Etter kampen var han forbanna.
– Ingen hadde dagen i dag. Det skjedde ting utpå der som ikkje skal skje. Ei grufull oppleving, konkluderte landslagskeeper Haugen.
Landslagssjef Roy Johansen meiner Noreg tapte mot eit betre lag.
– Dei slo oss på tempo, og vi var rett og slett ikkje gode nok. Det var slitne bein og i det heile tatt ein dårleg dag.
Klarte ikkje rette opp
– Dette er ikkje godt nok. Vi er for dårlege overalt. Dersom vi ikkje gjer det betre i resten av kampen, taper vi dette, sa ein litt småsint Morten Ask til TV 2 etter første periode.
Men det skjedde ikkje. Tvert imot.
I dei to siste periodane kom slitasjen i den norske troppen meir og meir til syne. Det er godt det er kviledag torsdag.
Første periode vart breiddfull av action. Noreg imponerte med sitt offensive spel, men slurva i forsvarsspelet. Noreg vann skotstatistikken 13–8 i denne perioden.
Slovakia leia to gonger, men Noreg utlikna begge, og hadde store sjansar til leiing. Alexander Bonsaksen og bursdagsbarnet Morten Ask scora for Noreg.
Slutt for Noreg etter første periode
Andre periode fekk ein heilt annan karakter. Slovakia sette opp farten og dominerte spelet. Dei norske spelarane verka slitne. Likevel kunne og burde Morten Røymark gitt Noreg leiing då han fekk fri bane mot Slovakias målvakt.
Slovakia vann skotstatistikken med 16-4, og 18 sekund før siste pause fekk dei ei fortent utteljing. Dermed låg Noreg bak med 2–3 før den siste perioden.
Tre norske utvisingar gjorde livet surt for laget, men Lars Haugen heldt buret reint. Og Noreg klarte heller ikkje å utnytte sine to overtalsspel i kampen.
Då Slovakia omsider scora, hadde Noreg fullt lag igjen. Men det svikta stygt i markeringane då Ladislav Nagy sette pucken høgt i buret i sluttsekunda.
Noreg gjekk sterkt ut for utlikning i siste periode, men lykkast ikkje med avslutningane. Og med to raske slovakiske mål midt i perioden, gjekk lufta ut av dei slitne norske iskrigarane. Vi tapte skotstatistikken 9–3 i siste periode, og 33–20 i kampen totalt.
Noreg har to kviledagar no. Neste kamp er nøkkelkampen mot Frankrike 17. mai. Gruppespelet blir avslutta mot Tsjekkia 18. mai og Canada 20. mai.
Saka blir oppdatert.