– Det er moro å sjå at vi her i Noreg har kompetanse som andre trenarar og andre nasjonar spør etter. Det bør vi vere stolte av, og det er noko vi kan byggje vidare på. Då får vi også noko tilbake, nemleg trua på at vi kan få til noko. Det er kanskje den største barrieren vi har i norsk tennis, seier Øivind Sørvald til NRK.
Sørvald er nemleg mannen som er ansvarleg for å analysere Azarenkas kampar. Til dagleg er han idrettssjef i Norges Tennisforbund.
Han rapporterer tilbake til trenar Sam Sumyk, og den kviterussiske tennistoppen brukar nordmannens analyser i kampen for å halde seg på verdstoppen.
Norsk analyseverktøy
– Hei Sam, how are you, seier nordmannen når han ringjer Azarenkas trenar for å fortelje om analysen av hennar siste kamp.
– Han vil gjerne ha bilete, og eg hentar fram dei eg meiner er dei rette. Eg prøver å få dei fram på ein rett måte. Det kan vere ein liten jobb å få til. Men når bileta er der, kan vi enkelt kommunisere og diskutere detaljar, sjølv om vi er på kvar vår side av jorda. Det er ganske morosamt å sjå, seier Sørvald.
Analyseverktøyet er norsk. Sørvald har brukt det i seks år, og heile tida spurt dei som har laga det om vidareutvikling. – Andre i utlandet kan gjere same jobben, men det er vi som har erfaringa til raskt å finne fram dei rette bileta, seier nordmannen.
Video: Sjå korleis Sørvald analyserer tenniskampane. (Artikkelen held fram under videoen)
– Betre akselerering på racketen
Når NRK er på besøk, går Sørvald og Sumyk gjennom Azarenkas siste kamp. Sørvald slår fast at forehand-slaga hennar blir betre heile tida, og no er han rimeleg fornøgd.
– Og variasjonen i servane er god. Motstandarane veit aldri kva som kjem, seier han til trenaren, som nettopp sjølv har fått analyseresultata tilsende i Australia. For det er berre timar til Victoria Azarenka skal i sving i 2. runde i grand slam-turneringa "down under".
– Men ho er litt sein med å få fart på racketen. Den er raskare etter at ho har slått ballen enn i slagaugneblinken. Ho må få racketen til å akselerere litt raskare, seier Sørvald etter å ha studert analysen sin.
– Mitt tips er at ho kan få det til ved å vente ei ørlita stund med å rette ut knea, legg han til før han avtalene å ringe igjen i morgon, etter neste kamp.
Analyserte også Clijsters
Sumyk må ringje frå Australia til Noreg for å få analysen av kampane. For der sit Sørvald og studerer opptak og noterer.
– Det er kanskje like mykje kommunikasjon som analyse, eigentleg. Eg slengjer berre ut idear, så diskuterer vi dei. For meg som har halde på med video i 30 år, er det lett å finne bilete. Det viktigaste er at det er nokon som gjer denne jobben, og som relativt lett kan finne dei bileta vi er ute etter, seier Sørvald.
Det var Carl Maes som, fekk i stand den unike avtalen mellom Sørvald og Sumyk. Maes var trenar for tidlegare verdstopp Kim Clijsters. Han brukte Sørvalds spesialutvikla analysekompetanse, ein analysemetode som viste seg svært verdfull.
Ville halde Sørvald for seg sjølv
Så verdfull at Maes ikkje ville tipse andre om nordmannen før Clijsters hadde lagt opp etter Australian Open i fjor vinter. Kontakten med Sumyk kom i stand etter det, og under US Open var samarbeidet ein realitet. No blir det vidareført.
– Ja, eg ville ikkje avsløre han for nokon. Han var altfor verdfull for Kim og meg, seier Maes til NRK. Han har kjemt Sam Sumyk i mange år, men ikkje fortalt om Sørvalds analyser før nyleg. Maes jobbar no i same firma som Sørvald.
– Kvifor vil du arbeide med Øivind Sørvald?
– Øivind er ein trenar som er open for nye impulsar. Altfor mange trenarar brukar same metodane som for 20 år sidan, men Øivind kan finne dei ekstra detaljane som skal gjere treninga og førebuingane ekstra gode.
Azarenka tar innspela i bruk
– I tennis er du nøydd til å finne dei detaljane som gjer den viktige skilnaden, og det å ha rette verktøyet og å kunne bruke det rett, er viktig i moderne trening, seier Carl Maes til NRK.
Sørvald ser at verdseinar Victoria Azarenka tek innspela hans i bruk.
– Ja, absolutt. Vi såg det i finalen mot Serena Williams i US Open. Då blir ein litt glad, det gjer det verdt å sitje opp om natta og sjå kampane, seier Sørvald.
Neste oppgåve? Å vere analysesjef for fransk tennis under Federation Cup når Frankrike møter Tyskland. Då skal han analysere direkte frå sidelinja.