FMX-utøvaren André Villa har skada seg på trening før stemnet i polske Poznan. I det siste hoppet i kvalifiseringa torsdag under-roterte han og krasja stygt.
- Alle førarane på dette nivået i FMX er klar over risikoen ved denne sporten, seier Villa sjølv i ei pressemelding.
Villas lårbein er brekt. Nordmannen også vore på ultralyd-undersøkingar for å sjekke eventuelle skader i mageregionen. Han er sterkt forslått, men har ingen indre skader, stadfester legane på sjukehuset i Poznan.
Ekstremsportutøvaren vart operert allereie klokka eitt fredag. Medisinsk personell har allereie bora i knéet hans.
– Han skal tilbake
André er groggy, men ved godt mot, fortalde pressekontakt Yngve Ottesen etter å nettopp ha fått siste oppdatering frå Villa. Det var før operasjonen.
- Brotet i lårbeinet er ikkje komplisert, men smertefullt, seier Villa via sin pressekontakt.
Ottesen melder at Villa no ventar eit tre til fire månaders skadeavbrot før han vil starte opptreninga igjen.
– Eg skal tilbake i X-fighters og X-games i 2012, seier Andre Villa.
«Du er ikkje mann før du har brekt lårbeinet»
NRK har forsøkt å ta kontakt med Villa, men utøvaren ønsker ikkje å svare media enno.
- LES OGSÅ: André Villa: – Jeg er mer seriøs enn de andre
- LES OGSÅ: Villa fløy inn i publikum
På Twitterkontoen til Villa melder kjærasten at nordmannen er bevisst etter hendinga.
– André er OK. «Du er ikkje mann før du har brekt lårbeinet, som han brukar å seie», er siste oppdatering på Villas Twitterkonto.
- SJÅ VIDEO FRÅ ARKIVET: André Villa vil bli best i verden
– Visste det ville gjere vondt
Villa pådrog seg eit brot i tåa under stemnet i Madrid 15.juli, og har køyrt med smerter dei siste konkurransane.
- Skaden i går kom i samme beinet som han brakk tåa på i forrige X-Fighterskonkurranse i Madrid. Han visste Polen kom til å gjere vondt, men ville køyre. Han leier jo X-Fighters samanlagt, og hadde ei god kjensle før konkurransen, seier Ottesen.
Villa var førebudd på at Poznan kunne bli tøft med tanke på tre fulle konkurransedagar. Finalen går i morgon, men det utan André Villa.