– Eg veit ikkje kva som var årsaka. Plutseleg tok det til å rasle litt. Det kom lydar i motoren, så gjekk det 20–30 sekund, så var det over. Det rauk ut av motoren, og alt stod fast inni der, fortel han til NRK etter å ha kome tilbake til depotet etter den uheldige opplevinga.
– Det var litt uverkeleg. Plutseleg stod du der, og ingenting verka. – Eg var litt forvirra, seier Ullevålseter.
Frykta tjuveri av sykkel og instrument
Turen tilbake dit var også ei heilt spesiell oppleving for Ullevålseter.
– Det var ei gruppe menn der eg stoppa – fem-seks mann i 20-30-årsalderen. Eg veit ikkje om dei var lovlause, men eg var litt utrygg for sykkelen, fortel Ullevålseter.
Instrumenta er der for navigasjon, og ikkje minst fordi det skal vere lett å finne att ein sykkel der ute i øydemarka. Instrumenta kostar rundt 20.000 per stykk.
– Eg var litt redd for at instrumenta skulle bli stolne. Derfor tok eg dei med meg. To av mennene tilbaud seg å køyre meg tilbake til depotet, og vi la i veg.
– Hadde skote seg
Men eit par mil ute i bushen fekk ein av mennene telefon om at ein av dei som stod igjen, hadde skote seg.
– Sjåføren måtte kontakte politiet. Då hoppa eg ut og fekk haik vidare med ein motorsykkel inn til depotet. Eg forstod ikkje stort av det som skjedde, fortel Ullevålseter.
Han kom seg dermed trygt tilbake til sivilisasjonen. Men ikkje sykkelen.
– Den står igjen der ute, og eg lurer fælt på om han er der enno. Det er fort gjort at den blir stolen. Men då får dei iallfall ein dårleg motor, seier Pål Anders Ullevålseter.
40 graders varme
Uansett må han sjå i augo at årets Rally Dakar er over nesten før det har begynt.
– Ja. no er det over, gitt. Det har ikkje heilt gått opp for meg enno, seier Ullevålseter. Men dette er trass alt 12 gongen eg køyrer dette rallyet, og det er første gongen eg har mekaniske problem. Totalt sett er vel ikkje det så ille, men det er forferdeleg når du står der, seier han.
Det er midt på sommaren i Argentina, og det var over 40 grader der uhellet skjedde.
– Når du står midt der ute i den ekstreme varmen på over 40 grader, har du berre lyst å kome deg vekk, tilbake til depotet, så raskt som mogeleg, seier han.
Blir i Argentina for å hjelpe laget
Han har ingen forklaring på kva som skjedde då motoren stansa.
– Dette er eit system eg har brukt i 10–12 år. Motoren blir gjort klar på fabrikken i Austerrike, og er derfor oppgradert kvart år. Alt er nytt, det er ingenting som er heimelaga. Men det er slikt som kan skje, seier Ullevålseter.
Han blir i Argentina til løpet er over. Hans team-kamerat frå Guatemala er framleis med, og Ullevålseter blir der heile tida for å hjelpe til.
– Vi har jobba i lag i sju år, og vi har mekanikarar. Eg må bli att og passe på, iallfall så lenge han køyrer, seier Pål Anders Ullevålseter til NRK.