– Det vil overraska meg om han hoppar i OL etter det fallet, seier NRKs hoppkommentator Arne Scheie, men legg til:
– Morgenstern har ei eventyrleg evne til å koma attende, seier Scheie og viser til kor raskt austerrikaren var attende etter fallet i Titisee-Neustadt i desember.
Held OL-døra open
Den austerrikske hopptrenaren Alexander Pointner, håpar likevel Thomas Morgenstern kan ha ei moglegheit til å rekkja OL i Sotsji.
– Eg vil halda OL-døra open så lenge som mogleg, har Pointner uttala i fylgje AP.
27-åringen har frå før tre OL-gull, kor det eine er frå storbakken i Torino i 2006. Med sine åtte VM-gull er han ein av dei mest meritterte skihopparane gjennom tidene.
– Tilstanden er tilfredsstillande
Hopparen er no på betringa sin veg. Det kunne apparatet rundt han stadfesta på ein pressekonferanse måndag morgon.
– Me kan meddela at hjerneblødinga og den punkterte lunga har betra seg. Tilstanden hans er tilfredsstillande, og han er ute av den kritiske fasen no, seier medisinsk direktør Josef Obrist.
27-åringen falt stygt under treninga i skiflygingsbakken i Kulm fredag, og omfanget av skaden var lenge uviss.
– Rehabiliteringa går bra trass i at Thomas leid nokon alvorlege skadar. Takk Gud for at det ikkje var ein hevelse på hjernen. Eg er veldig nøgd med rehabiliteringsprosessen, la anestesilege, Wolfgang Völckl, til.
Takkar for støtta
Thomas Morgenstern er takknemleg for all støtte han har motteke. På si eige Facebook-side takkar han familien, det medisinske apparatet og alle andre som har kome med lukkeønskingar.
Humøret er i alle fall på plass, då han avslutta meldinga med at det var best å ikkje leggja ut eit bilete – enno.