Alpinisten har delteke i to OL, både i Vancouver i 2010 og i Sotsji i år. No seier ho seg ferdig som profesjonell alpinutøvar.
– Det har vore ein sommar med mykje tenking, men eg er fornøgd med avgjersla og ser fram til å gjere nye ting. Livet er meir enn skikøyring, skriv ho på sin private Facebook-profil.
Ho skriv at alpint alltid har handla om lidenskap og kjærleik.
– Og eg har alltid sagt til meg sjølv at når den dagen der eg ikkje har lidenskap og kjærleik for alpint lenger kjem, då vil eg slutte.
Løseth takkar trenarar, støtteapparat, sponsorar, venner og spesielt familien for tida i alpinsirkuset.
– Eg er svært takksam. Så takk til alle for å ha trua på meg og for å ha hjelpt meg dit eg har vore, skriv Løseth.
Sportssjefen: – Ut av det blå
Når NRK ringer til sportssjef i alpinforbundet, Claus J. Ryste, fortel han at han ikkje prata inngåande med Løseth sjølv.
– Dette er ganske ferskt. Men ho har hatt ein tøff veg, med to stygge beinbrot på rappen, før ho har jobba seg tilbake. Det er nok eit svært samansett bilde som gjer at ho no gir seg, seier Ryste til NRK.
– Det er nok ikkje éin enkelt grunn, legg han til.
Ryste synest det er svært langt frå kjekt at eitt av dei største alpintalenta på kvinnesida i Noreg legg opp i ein alder av 23 år.
– Ho var god i e-cupen i år og gjorde det også bra i fleire World Cup-run i fjor. Vi hadde på langt nær eit ønskje om at Mona skulle gi seg.
Han fortel at avgjersla frå Løseth kom heller uventa.
– Ja, det gjorde det – det må eg seie. Det har ikkje vore diskutert gjennom sesongen og våren. Eg veit at ho har vore plaga med smerter i leggen som ho har brote to gonger, og har synest det har vore tøft. Men dette kom ut av det blå, ja, seier Ryste.