- Zorya Luhansk - Molde 1-1
Sander Svendsen, som står med fem kampar og eitt mål i eliteserien i år, blei kasta inn på banen like etter at Zorya hadde tatt leiinga i Lukhansk, Ukraina.
Ein time ut i oppgjøret sendte forsvarsspelar Nikita Kamenyuka heimelaget i føringa.
Rundt seks minutt etter var Svendsen varm nok i beina til å tre inn for Pape Pate Diouf.
Byttet viste seg seinare å bli svært viktig for Moldes utgangspunkt før returmøtet.
Like før full tid sette Svendsen inn utlikinga og med det fekk blåtrøyene med seg bortemål heim frå Ukraina.
Tor Ole Skullerud kan sjå fram til neste kamp 7. august. Molde har god scoringsflyt på heimebane. Der står serieleiaren med ti mål på dei siste tre kampane.
Om Molde avanserer frå denne kvalifiseringsrunden må dei vinne nok ein Europaliga-runde for å bli klare for gruppespel.
Molde og Rosenborg er dei einaste som enno kan håpe på spel i Europa denne sesongen. Rosenborg spelte 0-0 borte mot Karabukspor i kveld.
Haugesund og Tromsø er allereie slått ut av Europaliga-kvalifiseringa medan Strømsgodset er ute av meisterligakvalifiseringa.