– Eg sa til vår fysiske trenar at eg skulle scora då eg kom inn. Det var herleg å komme tilbake frå skade med scoring, seier matchvinnaren til TV 2 etter kampen.
Aalesund klarte ikkje å halde nullen i nokon bortekampar førre sesong og før dagens kamp hadde dei gått 26 strake eliteseriekampar på bortebane utan å halde nullen. Det såg lenge ut til at dei skulle få slutt på den rekkja mot erkerivalen Molde, men på overtid makta ikkje dei oransjekledde på stå imot Moldes press.
To minutt på overtid dukka innbytar Fredrik Gulbrandsen opp og heada ballen inn til 1–0 siger for Molde.
Då er framleis 2–0 sigeren mot Stabæk den 6. juli 2014 sist Aalesund heldt nullen på bortebane.
– Det var utruleg surt å få den i mot på overtid, seier Aalesund-kaptein Bjørn Helge Riise til TV 2 etter kampen.
Molde dominerte
Heimelaget køyrde kampen i første omgang, og nærast scoring kom Mohamed Elyounoussi som lobba ballen over keeper mot det opne målet, men Aalesund-spelar Oddbjørn Lie kasta seg inn og fekk avverja i siste liten. På benken satt ein spelesugen Gulbrandsen.
– Eg har vore ute med skade og hadde ikkje klart å spele 90 minutt i dag, seier han om kvifor han starta på benken.
Gjestane hadde også sine sjansar på kontringar, men var for unøyaktig i avslutningane.
Etter kvilen fortsette Molde å køyre på, men Aalesund forsvarte seg heroisk. I det 83. minutt hadde Peter Orry Larsen ein alle tiders sjanse til å sikre alle poenga til dei oransje frå Aalesund, etter at han kom seg fri i feltet på eit godt slått frispark. Men Molde-keeper, Ethan Horvath, varta opp med ei meisterleg redning.
Aalesund har berre slått Molde ein gong på 20 forsøk i eliteserien, og det skjedde heilt tilbake i lagas første møte i 2003. Solskjær har aldri tapt for Molde.