– Eg hugsar at Brann gjekk opp i 3–2 og at det vart mykje liv på tribunen. Men for meg vart det stille.
Det seier Gunnar Fauskanger (57) om den legendariske cupkampen frå 1982. Etter at Brann låg under 0–2 til pause, snudde heimelaget fullstendig i andre omgang og vann 4–2.
Lyden av 3-2-scoringa var også det siste Fauskanger nokon gong høyrde. For ti år sidan stilte han til intervju med NRK der han fortalde om då han mista høyrsla på Brann stadion.
– Eg håpte at eg berre hadde fått dottar i øyra. Prøvde å blåse dei vekk, men høyrsla kom ikkje tilbake, sa Fauskanger til NRK i 2003.
- LES ARTIKKELEN FRÅ 2003: Blei døv på Brann-kamp
- FØLG KVELDENS CUPKAMP PÅ NRK.NO
Framleis supporter
30 år etter kampen og ti år etter det førre NRK-intervjuet, er han framleis minst like trufast mot favorittlaget.
– Eg er eigentleg berre ein større fan i dag. Eg ser alle kampane til Brann.
Han står sjølvsagt på tribunen også i kveld.
– Eg skal opp på stadion også i dag. Brann grusar Mjøndalen, og det vert 4-1, slår han fast.
Tidlegare storlag
Brann og Mjøndalen har møtt kvarandre 22 gongar i seriesamanheng sidan 1972. Begge lag har vunne sju gongar, medan åtte kampar har enda uavgjort. Siste kamp var i 1992.
Men laga har ikkje møtt kvarandre i cupen sidan kvartfinalen i 1982. Og med seier i den kampen, gjekk Brann vidare, og vann til slutt cupfinalen.
Medan Brann har vore eit stabilt topplag i Noreg sidan den gong, har resultata til Mjøndalen vore litt meir varierande. Laget ligg no på 11. plass i Adeccoligaen, det nest øvste fotballnivået i Noreg.
Men Mjøndalen har tidlegare vore eit storlag i Noreg. På 1930-talet vann dei cupen tre gongar, og dei har spelt i finalen totalt åtte gongar. I tillegg har dei spelt i Europacup, og vann overraskande 1–0 borte mot tyske Werder Bremen i 1987.
Cupkampen i kveld byrjar klokka 18.00 på Brann Stadion.
SJÅ HØGDEPUNKT FRÅ KAMPEN I 1982