– Eg lener meg ganske tungt mot avgjerda om å ikkje gjøre comeback igjen, seier Bode Miller i eit intervju med TV-kanalen NBC.
Mannen med 33 triumfar i verdscupen kom til VM som USAs store comeback-konge. 37-åringen hadde ikkje konkurrert sidan mars i fjor på grunn av ei ryggskade.
- Les også: Sesongen kan være over for Svindal
– Blir tøft å komme tilbake
Det Miller vil bli hugsa for i VM-comebacket i Beaver Creek er det stygge fallet i super-G-rennet der han ikkje bare slo seg stygt, men også kutta leggen med stålkanten til den eine skia.
- Les også: Jansrud skuffa stort
Før Miller hekta i ein av dei siste portane og dundra i bakken var stemninga euforisk på VM-arenaen. Etterpå var det stille i målområdet.
Allereie då snakka folk om at alpint-kongen, som debuterte i verdscupen for 17 år sidan, var ferdig i sirkuset. Like etter var han på veg til sjukehuset.
No vedgår også Miller at det blir tøft å komme tilbake.
– Jobben med å komme tilbake er veldig krevjande. Det krev ei utruleg innstilling i neste sesongoppkøyring, seier 37-åringen.
Lagkameraten: – Ikkje overraska
Miller har vore ein helt for mange unge amerikanske alpinistar, fortel lagkamerat Steven Nyman.
– Han har vore ein stor inspirasjon for meg. Før eg slo gjennom undra eg meg over kvifor det var så få alpinistar mellom dei 30 beste i verda, men så kom Bode og vann. Det same vil eg gjøre, tenkte eg, seier Nyman til NRK.
Etter kvart skal Nyman og lagkamerat Travis Ganong ta opp arven etter Miller. Nyman håpar på eit samarbeid likt det Kjetil Jansrud og Aksel Lund Svindal har.
Men først ventar han på om Bode Miller legg opp eller ikkje. Om han seier seg ferdig kan han sjå tilbake på ei eventyrleg karriere.
Miller har vunne fire VM-gull og eitt OL-gull. I tillegg har han vann han verdscupen samanlagt i 2005 og 2008.