– Størrelsen på dette slår oss hardt i ansiktet. Vi har hatt periodar med mange dopingavsløringar i historia, men aldri eit så høgt tal som dette, seier dopingjeger Inggard Lereim.
Avsløringa av tennisstjerna Maria Sjarapova, friidrettsstjerna Abeba Aregawi og VM-vinnar på skøyter Pavel Kulizjnikov er bare toppen av doping-isfjellet.
No opplyser Verdas antidopingbyrå (WADA) at idretten truleg kan vente seg ei flodbølge av nye dopingsaker innan kort tid.
WADA melder at totalt 99 positive prøvar er avlagt for stoffet meldonium etter nyttår. Det skriv talsmann for byrået, Ben Nichols, i ein epost til AFP.
– Det er skremmande at det er så mange positive prøvar over ein så kort periode, seier Anders Solheim, som er leiar i Antidoping Norge.
– Minner om regimestyrt doping under Sovjet-tida
Hjartemedisinen frå Latvia står på WADAs forbodsliste sidan stoffet betrar blodsirkulasjonen, noko som påverkar prestasjon og restitusjonstid. Det har gjort medisinen attraktiv hos idrettsutøvarar.
Sjølv om medisinen er ukjend i Norge har den vore på marknaden som hjartemedisin i fleire tiår i Aust-Europa.
Det er også i hovudsak aust-europeiske idrettsutøvarar som til no er tatt for bruk av stoffet, noko som ikkje overraskar Lereim.
– Vi er nesten på veg tilbake til tida før Berlinmurens fall der det var systematisk og regimestyrt doping i mange nasjonar, som det tidlegare DDR og Sovjetunionen, seier han.
– For meg som har vore med på dette så lenge er det på ingen måte ei overrasking at avsløringane har sine store tal i den delen av idrettsverda, legg Lereim til.
Trur talet kan bli endå høgare
Ifølge ei studie frå 2015 som blir omtala i den nye dopingdokumentaren om Russland
blei det funne spor av meldonium hos 724 av 4316 russiske utøvarar, noko som tilsvarar oppsiktsvekkande 17 prosent.
Lereim trur talet kan bli endå høgare enn 99.
– Det kan jo komme fleire positive prøvar. Eg er også kjend med at det nyleg blei destruert 1417 dopingprøvar i Russland. Kva dei inneheldt veit vi jo ikkje, seier Lereim, som no er medisinsk sjef i FIS, men fortsatt er involvert i antidopingarbeidet.