– Jose Mourinho går til Manchester United. Det er allereie avgjort, seier kjelda ifølgje The Telegraph.
Han skal sjølv ha fortalt dette til vener, melder avisa.
Klubben sjølv avviser at det er gjort nokon avtale, men nektar ikkje for at det har vore samtaler.
Dagens United-manager Louis van Gaals kontrakt går ikkje ut før sommaren 2017. Men det er lite truleg at han får halde fram etter årets sesong – i alle fall dersom United ikkje kvalifiserer seg til meisterligaen, meiner The Telegraph.
I dag er United på femteplass, seks poeng bak fjerdeplasserte Manchester City på tabellen.
Irish Independent meiner å vite at det internt i United har vore motstand mot Mourinhos leiarstil og fotballfilosofi.
– Vi veit alle at Mourinho er ein vinnar som brukar dei nødvendige middel for å få resultat, skriv komentator Jordan street på nettstaden oldtraffordfaithful.com.
Men etter at byrival City nyleg tilsette Pep Guardiola som manager, veg det tyngre for United å få ein tungvektar som kan matche City i kampen om fotballhegemoniet i England.
I så fall er det duka for nye nappetak mellom dei to som var bitre rivalar i La Liga frå 2010 til 2012 – Guardiola som trenar for Barcelona, Mourinho for Real Madrid.
Mourinho har vore arbeidsledig sidan han fekk sparken i Chelsea før jul. Han har heile tida sidan sagt at han vil halde fram som manager, aller helst i England.