– Det var ein lang tur heim i går. Ein rekk liksom å tenkje dei flesta tankar på ein lang flytur. Nå gjer det gjer veldig vondt.
Marius Myhre har hatt ein plan og eitt mål dei siste tre åra. Badminton-spelaren har reist verda rundt med nærmare 300 reisedøgn i året, lagt utdanning på vent og budd heime hos mor og far.
Alt for å nå OL i Rio.
Den fyrste som ikkje kjem med
– Eg har bryte meg heilt ned på treningar, reiser og på slutten av turneringar. Håpet er heile tida at du skal få ein veldig stor opptur, men det er det som er risikoen her, ein kan risikere å bli der nede om ikkje oppturen kjem.
Akkurat nå er Marius heilt der nede i kjellaren. I går kom han heim frå EM i Frankrike, men utan OL-billetten som skulle vere i lomma.
Myhre røyk ut av den andre runden i EM og var så nær som han kunne ha blitt avansement til neste runde. Fyrste settet mot ein av Europas beste, Kieran Merrilees vann han, det andre tapte han såvidt, og det tredje og avgjerande var han heilt på høgde med motstandaren.
Om kampen hadde gått i hans favør, kunne 24-åringen nærmast ha booka Brasil-tur. Nå ser det ut som han blir den fyrste som må fylgje dei 40 spelarane i OL-turneringa frå TV-skjermen.
.
13 turneringar i 13 land på 13 veker hjalp ikkje.
– Det er ufatteleg skuffande. Det var veldig mange kjensler som gjekk gjennom hovudet da eg gjekk ut av hallen. Det er det eg har brukt all mi tid dei siste tre åra på. Da tenkjer ein sjølvsagt på om det har vore verdt det. Målet har vore å kvalifisere meg direkte til OL og når eg ikkje klarer det gjer det veldig vondt, fortel han.
Har framleis eit lite håp
Framleis har han eit lite håp om OL-tur. 9.mai blir det bestemt om kor mange ekstra plassar det internasjonale badmintonforbundet kan dele ut. Myhre kan uansett ikkje påverke i noko som helst grad. Han tok ikkje den siste sjansen han hadde i Frankrike denne veka.
– Nå er det ute av mine hender, seier Myhre.
Etter konkurransemaratonen han har vore gjennom i 13 land sidan januar, er kalenderen nå plutseleg tom.
– Akkurat nå er det veldig tungt å motivere seg til trening, men eg skal tilbake. Badminton ligg i blodet mitt, og det er ikkje noko eg klarer å riste av meg med det fyrste.