Flesjås
gjer henne derfor ikkje automatisk til OL-favoritt i Rio neste år.– Det er rundbane som er viktigast for oss, og det er stor skilnad på det og maraton, seier Kenneth Flesjå.
Søndag er ho tilbake i verdscupen i rundbane i Sveits. Det er ei heilt anna øving enn maratonløpet i Val Gardena.
– Ja, det er som skilnaden på ein 1500 meter og eit langdistanseløp, seier Gunn-Ritas trenar og ektemann Kenneth Flesjå til NRK.
- Rundbaneritt går i ei løype som blir køyrt fleire gonger. Rittet og bakkane er kortare, og dei tekniske partia kjem tettare. Tidsdifferansane blir mindre. – Dermed blir idretten mykje meir eksplosiv og intensiv, seier Flesjå. Det er denne greina som er OL-øving.
- Maraton er ein lang runde, eller ei løype med start og mål på ulike stader. Ofte over høge fjell med lange stigningar og utforkøyringar. Det stiller derfor større krav til å vere uthaldande.
– Gunn-Rita har dieselmotor
– Det er få som klarar å kombinere begge desse øvingane, seier Flesjå. – Du treng nokre år på nakken for å klare det. Når det gjeld Gunn-Rita, har ho dieselmotor. Hennar store utfordring er å jobbe med det eksplosive, seier Flesjå.
Søndag brukte ho over tre og ein halv time på rittet. Eit vanleg rundbaneritt tek godt under to timar.
– Før kunne det ta opptil tre timar, men det er korta kraftig ned for å gjere det meir publikumsvenleg, seier Flesjå.
Storleg imponert over Gunn-Rita
Tidlegare terrengsyklist Rune Høidahl er imponert over at Gunn Rita Dahle Flesjå kan halde seg på toppen i begge greiner.
– Det er så stor skilnad på rundbane og maraton at mange spesialiserer seg på ein av delene. Det Gunn-Rita gjer, er heilt utruleg, seier han.
– Kva er skilnaden, bortsett frå at det eine er lengre enn det andre?
– Rundbane har utvikla seg til å gå meir på spesialbygde løyper med spektakulære utfordringar og i mange og korte rundar som kanskje tar berre 10-15 minutt. Maraton går over meir naturlege hindringar med lange bakkar og tekniske utforkøyringar, seier Høidahl.
Ut av komfortsona
Kenneth Flesjå er klar på at det er rundbane som tel, både for resten av sesongen i år og med tanke på
. Gunn-Rita ligg på andreplass i verdscupen i år, og allereie til helga går neste ritt.– Blir det vanskeleg å omstille seg no?
– Hovudutfordringa er å restituere seg. Du får mykje bank når du køyrer så langt opp og ned, og i tillegg er det ekstrem høgde. Men å omstille seg er ein del av det å vert toppidrettsutøvar, seier han.
- Les også: