Etter å ha gått til pause med uavgjort, etter ein målfest av ein første omgang, var det duka for ein svært spennande andre omgang.
I 68. minutt scorar Elyounoussi sitt tredje mål på straffe, etter at Jonas Grønner tar ned Chima Chukwu innanfor 16-meteren. Dermed tar serieleiaren leiinga også i kampen mot Brann.
Med overtaket begynner Molde å yppe seg for alvor. Brann får ein kontringsmulighet som endar i eit feilslått hjørnespark. Molde held på ballen dei neste minutta til MFK-spissen Fredrik Gulbrandsen sikrar ei solid 4–2 leiing til heimelaget.
Målfest i første omgang
Det tok Molde 13 minutt å score mot Brann på Aker stadion i Molde. Mohamed Elyounoussi set ballen i eit opent mål etter at Leciejewski feilbereknar på bakarste stolpe.
Men like etter endra heile kampen karakter, og Brann tar kontroll.
I det 20. minutt set Amin Askar ballen i mål for Brann og utliknar på raudtrøyene sin første sjanse i kampen.
Berre sju minutt seinare er Amin Askar igjen på jakt, og sørgar for at Brann tar leiinga mot serieleiaren. Askar lurer heile Molde-forsvaret og kjem aleine med keeper. Molde-forsvaret ropar på offside.
Elyounoussi har på ingen måte tenkt å la Askar herje som han vil på Aker stadion. Heilt på tampen av første omgang scorar Elyounoussi igjen, med god hjelp frå innlegget til Martin Linnes.
Laga gjekk til pause med stillinga 2 – 2.
Første siger på 8 år?
Sist Brann vann i Rosenes by var i 2006. Då sørga Charlie Miller og Petter Vaagan Moen for 2-0-seier for raudtrøyene. Sidan den gong er det blitt fem tap og ein uavgjort i serien, i tillegg til den horrible 0-8-kampen i cupen i gullåret 2007.
Då Brann slo Molde på bortebane sist, sat Erik Huseklepp på benken. I dag håpar brannsupporterane han skal vise at han har funne tilbake til scoringsforma etter målet mot Fyllingsdalen i cupen onsdag.
- LES OGSÅ:
Det gjer Huseklepp sjølv også. 29-åringen står så langt utan fulltreffarar, og med berre ei målgivande pasning i serien.
– Eg håpar dette målet kan hjelpe til at eg får litt meir sjølvtillit framfor mål. Eg føler at spelet mitt har vore brukbart, sa Huseklepp til NRK etter 3-1-sigeren i Fyllingsdalen.