Du har kanskje lagt merke til Lillestrøms Mohamed Ofkir den siste tida? Viss ikkje bør du sjekke ut finta i videoen over.
For i vår har ikkje berre Ofkir med kallenamnet Moa, blitt fast på Lillestrøm, han har også blitt hit i sosiale medier med fintene sine.
Det kunne han sjå langt etter som juniorspelar i Vålerenga i 2013.
Hadde ingen framtid i Vålerenga
– Eg hadde dårleg innstilling, gjorde ikkje ting seriøst, og var ufokusert. Vålerenga og eg blei einige om at det ikkje var ei framtid der, fortel Ofkir til NRK.
Deretter kontakta han sjølv Lillestrøm og slutta seg til juniorlaget der. I fjor blei han henta opp på A-laget og fekk eliteseriedebuten i mai.
– Eg har lært og fått riktig innstilling. Eg bestemte meg for at det er det her eg vil og har jobba hardt og endre på detaljar som søvn og kvile.
Endringa har LSK-trenar Runar Kristinsson merka godt.
– Han har skjønt kor viktig dette er for han. Det tok lang tid for han, men nå er han verkeleg på veg. Han har fantastiske ferdigheiter med ballen og offensivt er han utruleg viktig for oss, seier Kristinsson som høyrte om fortida til Ofkir da han tok over trenaransvaret i fjor.
– Eg høyrte at han ikkje hadde oppført seg som han skulle før og da tok me ein prat om korleis me ville at han skulle oppføre seg. Me har prøvd å få han til å gjere dei rette tinga og det har han gjort.
Blitt inspirert av Youtube
Ferdigheitene til Ofkir har nettstader i Italia, Portugal, Belgia, Ghana, Marokko og Mexico fått auga opp for etter at Youtube-videoen som LSK sjølv laga blei spreidd verda rundt.
– Moa var litt skuffa over seg sjølv, så eg laga den eigentleg berre for å glede han litt. Så gjekk det eit par dagar og videoen blei plukka opp av fleire nettstader over heile verda, fortel mediasjef i Lillestrøm, Ståle Lindblad.
Og inspirasjon til finta har Ofkir nettopp frå Youtube.
– Det er utruleg kult, spesielt sidan eg har lært akkurat det trikset på Youtube og nå er eg ein del av det. Eg hadde ikkje trudd det skulle gå verda rundt, det blir nok fleire triks nå, lovar Ofkir.
Men trenar Kristinsson legg også vekt på at Ofkir på forbetre seg på andre område.
– Han må bli litt flinkare defensivt og ta litt meir ansvar. I tillegg må han prøve å bli flinkare til å score mål sjølv, seier Kristinsson.