Håvard Rugland - Håvard Rugland blei droppa av Detroit Lions 27. august, men kan enda opp i ei NFL-treningsgruppe fordi han er nordmann. - Foto: David Richard / Ap

Håvard Rugland blei droppa av Detroit Lions 27. august, men kan enda opp i ei NFL-treningsgruppe fordi han er nordmann.

Foto: David Richard / Ap

– Lions bør ta med seg Rugland vidare

Det seier Detroit Lions-ekspert og bloggar Zac Snyder til NRK. Han meiner ein lite nytta regel no bør takast i bruk – og NFL-klubben veit at moglegheita er der.

Zac Snyder - Journalist og Lions-bloggar Zac Snyder fekk NFL-interessa gjennom gjentekne visittar til Ford Field saman med faren. - Foto: Privat /

Journalist og Lions-bloggar Zac Snyder fekk NFL-interessa gjennom gjentekne visittar til Ford Field saman med faren.

Foto: Privat

– Både Lions-spelarane og trenarane pratar godt og høgt om han, men det er mykje meir arbeid må leggjast til grunn før Rugland er klar for å vere NFL-kicker på heiltid, seier journalist og bloggar Zac Snyder til NRK.

Trass i Rugland si manglande NFL-erfaring, og hans få år med amerikansk fotball, er Detroit Lions-eksperten tydeleg på at Håvard Rugland fort bør få kontrakt.

– Dersom Lions føler at han kan nå punktet der han er NFL-klar – før neste sesong – og dei kan halde han inne ved hjelp av denne regelen, så meiner eg Lions bør ta med seg Rugland vidare.

No er det greitt å vere norsk i NFL

Den omtalte regelen er ei utviding av spelarane sin tariffavtale i NFL. Det at Rugland ikkje kjem frå USA kan no bli det som forlengjer eventyret.

«Ligaen kan velje eller avgjere at nokre eller alle klubbane får ta med seg éin ekstra spelar inn i treningsgruppene sine, som ikkje skal telje inn under den vanlege grensa. Spelaren sitt statsborgarskap og opphavlege land må vere utanfor USA», opnar regelen i tariffavtalen som arbeidsgjevarorganisasjonen til alle NFL-spelarane har framforhandla.

På tysdag, då Lions kutta troppen frå 90 til 75 spelarar, var Rugland ikkje éin av dei 75. Ytterlegare 22 skal kuttast seinast laurdag 31. august, då det skal vere 53 mann på laglistene.

– Plassane på laglista («roster spots») er svært verdifulle for alle NFL-lag, men også dei åtte plassane i treningsgruppa, forklarer Snyder, som bloggar på SideLion Report.

2. september, førstkomande måndag, skal nemleg NFL-klubbane hente inn åtte mann til ei treningsgruppe. I slike grupper er det uhyre sjeldan at ein kicker får plass.

– Eg veit ikkje om noko NFL-lag som har hatt ein kicker i treningsgruppa dei seinaste åra. Men «international player»-tillegget gjer at sjansane til Håvard plutseleg er langt betre, meiner Lions-bloggaren og -journalisten, som vidare fortel at regelen svært sjeldan blir brukt.

Saka held fram under bildet.

Håvard Rugland i NFL-debuten - Håvard Rugland imponerte stort i debuten for Detroit Lions.NTB Scanpix

Håvard Rugland imponerte stort i debuten for Detroit Lions.

Foto: NTB Scanpix
Jim Schwartz - Jim Schwartz, trenar for Detroit Lions sidan 2009, har fleire avgjersler å ta dei næraste dagane. Om Håvard Rugland er éi av avgjerslene får tida vise. - Foto: Jason Miller / Afp

Jim Schwartz, trenar for Detroit Lions sidan 2009, har fleire avgjersler å ta dei næraste dagane. Om Håvard Rugland er éi av avgjerslene får tida vise.

Foto: Jason Miller / Afp

Lions: – Kan potensielt bli signert

Etter gjentekne forsøk på å få kontakt med Detroit Lions i USA gjennom fredagen, fekk NRK svar per e-post seint fredag ettermiddag.

– Håvard blei sleppt 27. august. 2. september skal alle NFL-laga signere spelarar inn i treningsgruppene sine, og Håvard kan potensielt bli signert av oss og andre treningsgrupper i NFL.

På spørsmål om «internasjonal spelar»-regelen gjer ei eventuell signering av nordmannen enklare for klubben, svarer Lions slik:

– Per no er det usikkert om Håvard vil bli inkludert i Lions si treningsgruppe, men dette blir heilt opp til trenarteamet. I tillegg blir det opp til NFL-administrasjonen om regelen kan brukast i dette tilfellet.

Etterlyste stabilitet

På tysdag, då Rugland blei kutta frå troppen, uttalte Detroit Lions-trenar Jim Schwartz at David Akers var klart førsteval i kickerposisjonen.

– Kva framtida held for Håvard veit eg ikkje per no. Det eg veit er at han gjorde det godt på camp, og han gjorde det betre og betre frå start til slutt hos oss.

– Kan han bli kicker i NFL?, blei Schwartz spurt om.

– Det er ein grunn til at vi henta han inn på treningscamp. Han har svært gode eigenskapar, men slik som mange unge kickerar treng han å jobbe litt med stabiliteten. Det er mange som har blitt sleppt dei siste vekene av same grunn, for ofte er det ikkje mangel på talent, men stabilitet som er problemet.

David Akers - David Akers spelte Super Bowl-finale for San Francisco 49ers i februar, der dei blei tap 34–31 mot Baltimore Ravens. No er Akers kicker i Detroit Lions. - Foto: WIN MCNAMEE / Afp

David Akers spelte Super Bowl-finale for San Francisco 49ers i februar, der dei blei tap 34–31 mot Baltimore Ravens. No er Akers kicker i Detroit Lions.

Foto: WIN MCNAMEE / Afp

– Avgjerd tatt ut frå potensial

Akers, som ikkje overraskande fekk kickerplassen i Lions, har vore full av lovord om Rugland, men følte seg aldri truga . Akers er derimot 38, og i mang eit kommentarfelt og forum har nettopp alderen og attverande tid på topp vore eit fokus.

– Akers er ikkje ung, men han er framleis tre og eit halvt år yngre enn Lions sin førre kicker, Jason Hanson. Akers er i tillegg ein veldig solid og påliteleg kicker, trass i kamp mot skadar i fjor, fortel Zac Snyder.

I oppkøyringa hittil har Akers treft på sju av åtte forsøk, medan Rugland trefte på tre av tre då han fekk sjansen. Om nordmannen skulle få ein plass i Lions si treningsgruppe bør ikkje det bli på grunn uvisse knytt til Akers, meiner Snyder.

– Akers ser ut til å vere heilt frisk no, så Lions gjer heilt rett i å ha full sjølvtillit til han. Dersom Lions tek med seg Rugland vidare bør avgjerda bli tatt berre ut ifrå potensialet til Rugland, ikkje uro kring Akers.

Håvard Rugland - Rugland jublar her etter ein field goal 9. august. - Foto: Leon Halip / Getty Images

Rugland jublar her etter ein field goal 9. august.

Foto: Leon Halip / Getty Images

Elska av fansen

«Kickalicious», som han blir kalla etter YouTube-videoen som starta alt i september 2012, har så langt vore omsverma av både Lions-fansen og media – både norsk og amerikansk.

– Dei andre 31 klubbane i NFL brukte ikkje sjansen til å signere Rugland då Lions ikkje tok han med seg vidare, og no står han fritt til å forhandle med kva klubb som helst.

– Men om interessa ikkje er enorm i desse dagar med kutt, så er interessa enorm frå fansen. Han har blitt ein favoritt, kort sagt, fortel Snyder til NRK.

No trur Lions-eksperten at «internasjonal spelar»-regelen er 28-åringen sin beste sjanse. Og blir han først signert, kan det bli lukrativt.

Fram til no har Rugland berre fått dagpengar og opphald dekt av Lions, men om han blir signert ved hjelp av «internasjonal spelar»-regelen vil han minimum få 6000 dollar i vekeløn. Det vil i så fall bety godt over 600.000 kroner gjennom éin sesong – for berre å trene.

Enn så lenge er jærbuen usignert og på leit, men om både fans og Detroit Lions-ekspert Snyder får viljen sin, blir Rugland ein del av treningsgruppa. Det kan skje frå 2. september og utover, når NFL-klubbane samlar inn kvar si treningsgruppe – på åtte, eller kanskje ni mann.

Håvard Rugland er blitt svært populær i Detroit, hvor han kjemper om fast plass på NFL-laget.
I sin andre treningskamp for Detroit Lions leverte Håvard Rugland et field goal fra 33 yards, men det endte likevel med tap mot Cleveland. Reporter: Hans Henrik Løken
Håvard Ruglands skrytevideo på YouTube har fått mye oppmerksomhet. 27-åringens fantastiske tilslag og triksskudd har resultert i invitasjon til USA og amerikansk fotball.
NRK setter pris på at mange bidrar med meninger, erfaringer og synspunkter i kommentarfeltet. Takk for at du begrunner dine meninger og avstår fra personangrep. Innlegg som ikke følger våre regler for deltakelse kan bli slettet.

Siste nytt

  • United uten borteseier igjen

  • Tromsø må fortsatt vente på opprykk

    Sandefjord slo Tromsø 3-1 i mandagens toppkamp i 1. divisjon. Dermed må Tromsø fortsatt vente på det ene poenget de trenger for å sikre opprykket til eliteserien.

    Sandefjord er etter mandagens seier seriemester i 1. divisjon. Laget er allerede klar for eliteserien neste sesong.

  • Celtic-keeper banket opp

    Ronny Deilas keeper i skotske Celtic ble brutalt slått ned på byen av en annen spiller fra samme liga.

    Det var natt til mandag at Lukasz Zaluska ble angrepet av en kollega i skotsk Premier Leauge mens han ventet på en taxi hjemme i Glasgow. Daily Mail melder at keeperen ble påført hodeskader.

    Av juridiske årsaker har ikke politiet gått ut med navn eller motiv til fotballkollegaen. Celtic har heller ikke kommentert saken.

Sendeplan

Kl. Program Kanal