– Vi gjekk til sesongen med håp om å gjere det godt. Men ikkje på ein million år hadde vi trudd vi skulle vinne, ropte ein Leicester-tilhengar til NRK under jubelen i natt.
Sjå jubelen i Leicester-gatene:
Tusenvis av fans jubla seg gjennom byen med blå og kvite flagg etter den mest sensasjonelle meisteren i fotballhistoria.
Spelarane hadde fri i går og kunne sjå avgjerda på tv. Det gjorde dei fleste av dei heime hos toppscorar Jamie Vardy.
Sjå spelarane sine reaksjonar her:
NRKs reporter var midt i gledesscene på ein av byens pubar der det var fullt av Leicester-fans som hadde følgt kampen på tv. Og der alt eksploderte i kaos etterpå.
– Det som skjer her, kan ikkje beskrivast. Det er rett og slett berre ellevilt, sa reporter Patrick Sten Rowlands.
Sjå NRKs reporter omringa av elleville Leicester-fans på puben etter at ligagullet er klart:
Byen eksploderte
Det var stille i gatene medan Chelsea og Tottenham spela i går kveld. Men då det var klart at kampen enda 2-2 og at Tottenham hadde tapt to poeng og ikkje lenger kunne true Leicester, eksploderte det over alt i byen.
Leicester hadde teke sitt aller første seriemeisterskap i ligaens 128 år lange historie. Og det til dei grader mot alle odds for laget som kjempa mot nedrykk så å seie heile forrige sesong.
– Det er heilt ufatteleg. Det fortel kva lagånd kan utrette, seier ein av dei jublande tilhengarane midt i jubelen.
– Eitt lag, ein familie
– Kven er det å takke?
– Alle: Spelarane, manageren, fansen, eigaren. Det er eitt lag, ein familie, skyt ein annan inn. – Dette beviser at du ikkje trng store pangar for å vinne ligaen.
Før dei stemmer i: – Champions League, here we come. Barcelona, we are waiting for you.
– Har de stemme igjen no?
– Å ja, vi har plenty. Vi skal bruke den heile veka, og neste veke. Og endå lenger. Vi er best i England.
Går ikkje på jobb likevel
– Skal de på jobb i morgon?
– Eg må seie ja. For sjefen min kan sjå dette, seier ein annan supporter til NRK.
– Men dette er norsk tv.
– Å, då ser han det nok ikkje. Nei, eg skal ikkje på jobb. Ikkje i morgon.