– Det er godt med siger, men det som bekymra meg i dag var at alt føltes tungt, seier Northug til NRK etter ein dramatisk spurtduell mot sveitsiske Dario Cologna.
– Er du uroa over at dette rennet var såpass tungt?
– Det går ikkje an å gå gjennom touren utan tunge dagar. Eg bør kanskje vere glad for at den tunge dagen kom allereie no.
Fram til siste stavtak hadde nemleg Dario Cologna taket på leiartrøya i Tour de Ski. Skulle Petter Northug ta tilbake tapte sekund frå innlagde spurtar i rennet måtte han komme framfor sveitsaren i mål.
Og då det verkeleg dro seg til på siste kilometer var Northug med, men med rivalen tett på.
Likevel var den spurtsterke nordmannen best som så mange gonger tidlegare, men bare 0,3 sekund framfor Cologna.
– Eg var stiv som ein stokk. Om ein ser på teknikken min i spurten er det ikkje mykje å skryte av, men det heldt til siger i alle fall, seier ein nøgd Northug.
- RESULTATSERVICE: 20 KILOMETER SKIATHLON, MENN
Cologna: – Spurta bare på 90 prosent
På sprinten laurdag trakk Cologna det lengste strået, og slo Northug i spurten.
Sundag måtte han bite i det sure eplet, og hadde denne forklaringa på at sigeren ikkje gjekk til Sveits:
– Eg gjekk hundre prosent i spurten i går. Då slo eg Petter. I dag gjekk eg bare på 90 prosent, og då slo han meg, seier Cologna til NRK.no.
Northug: – Spurta bare på 80 prosent
Då Northug fekk høyre Colognas forklaring, svara den munnrappe normannen raskt:
– Eg gjekk ikkje nokon god spurt i dag i det heile tatt. Det var på 80 prosent, flirer Northug.
Måtte jage sterk Cologna
Men sjølv om Northug ikkje verka særleg skremd etter konkurransen, så hadde han grunn til å skjelve då Cologna tok grep på dei ti første kilometrane.
Der var Northug aldri i nærleiken av å ta eit einaste bonussekund. Det var erkerival Dario Cologna, som i løpet av rennet overtok leiartrøya samanlagt ved å vinne den andre innlagde spurten.
– Etter det måtte eg bare jage. Eg visste at Dario hadde tatt sekund på meg på klassisken, seier Northug.
SJÅ VIDEO: Cologna tar leiinga i Tour de Ski. (Artikkelen held fram!).
Northug: – Umogleg utan Kristian og Niklas
Men då klassisk-skia var kasta blei Northug mykje friskare i fråsparket, og posisjonerte seg straks i for å ta igjen det tapte til Cologna.
På tredje innlagde spurt, den første i fristil, såg Northug lenge ut til å kunne knappe inn på Colognas forsprang, som då var på rundt 13 sekund i samandraget.
Sveitsaren låg langt bak i den tunge spurtbakken i Oberstdorf, men like før spurtstreken var han straks i rygg på Northug og sørga for at nordmannen bare tok inn tre sekund samanlagt.
På den fjerde spurten var Northug først over streken. Men nok ein gang var Cologna hakk i hel på ein fjerdeplass.
SJÅ VIDEO: Northug først i fjerde spurt. (Artikkelen held fram!).
– Umogleg utan Kristian og Niklas
Likevel blei det Northugs dag i Oberstdorf. Nordmannen tok sigeren og henta tilbake leiinga i samandraget.
Bare 1,1 sekund skiljer no den norske og den sveitsiske kamphanen samanlangt i Tour de Ski.
Etter opphentinga i fristil takka Northug lagkameratane som bidro til at nordmannen kom tettare innpå rivalen frå Sveits.
– Eg hadde ikkje fått til dette utan Kristian Tettli Rennemo og Niklas Dyrhaug. Utan dei hadde eg ikkje tatt så mange bonussekund eller vunne etappen i det heile. Det set eg stor pris på, seier Northug.