Hopp til innhold

- Svært sannsynleg at ein skiskyttar går i VM-stafetten

- Eg trur det er svært sannsynleg at ein skiskyttar går tredje etappe i VM-stafetten i Holmenkollen, seier Emil Hegle Svendsen.

En provosert Emil Hegle Svendsen

Emil Hegle Svendsen meiner det er svært sannsuynleg at ein skiskyttyar går tredje etappe på stafettlaget i ski-VM i Holmenkollen

- Slik eg ser det, er ein skiskyttar det sikraste kortet dei har, seier Svendsen til NRK.

- Kva seier du om at nivået på langrennsløparane ikkje er betre?

- Går styggfort

Emil Hegle Svendsen

Er Svendsen og Bjørndalen gode nok for landslaget i langrenn?

Foto: JONATHAN NACKSTRAND / Afp

- Det vil eg ikkje seie noko om. Det eg kan seie, er at skiskyttarane går styggfort, og det er bra for Noreg.

Svendsen er dermed klar i sitt syn i diskusjonen om langrennsløparane kontra skiskyttarane når det gjeld langrenn i skøytetektnikk.

- Skiskyttarane har mykje dårlegare konkurranse, seier langrennssjefen. - Nei, det er ikkje mange i Noreg som slår oss i skøyting, seier skiskyttarsjefen.

Etter at tre skiskyttarar har signalisert at dei vil slåst for ein plass på stafettlaget under ski-VM, samstundes som ingen av langrennsløparane bak Petter Northug har overbevist, har diskusjonen blussa opp: Er dei beste norske langrennsløparane i fri teknikk - bortsett frå Petter Northug - å finne blant skiskyttarane?

Kva meiner du? Diskuter i slutten av artikkelen!

- Vi har tøff konkurranse

Lars Berger

Lars Berger på veg mot VM-gullet på 15 km i Sapporo i 2007 - i skøyting

Foto: Aas, Erlend / SCANPIX

For skiskyttarane dominerte stort i sesongopninga i Östersund, og dei norske hadde beste langrennstid.

- Eg synest langrenns-nivået hos oss er bra. Det er tøff konkurranse i skiskyting, og det er mange nasjonar som er med og som hevdar seg, seier sportssjef for skiskyttarane, Per Arne Botnan.

Han er ikkje utan vidare samd med langrennssjef Åge Skinstad om at det er dårlegare konkurranse i skiskyting enn det er hos langrenns-spesialistane.

Bjørndalen nummer 25

- Vi er glade for at dei er gode langrennsløparar og at dei har lyst å konkurrere om stafettplass, seier Skinstad.

- Men dei konkurrerer trass alt mot skiskyttarar. Og det er nok ikkje riktig så godt langrennsnivå der som i verdscupen i langrenn, seier Skinstad til NRK.

Han viser til at Ole Einar Bjørndalen berre vart nummer 25 i verdscup-opninga i Gällivare.

Landslagsløparane langt bak

Men i tremila i norgescupen i Meråker i Meråker laurdag, der Petter Northug vann, var det langt mellom landslagsløparane bak trønderen. Tord Asle Gjerdalen, Petter Eliassen og Kristian Tettli Rennemo vart nummer 8, 9 og 14.

Video Emil Hegle Svendsen til topps

Emil Hegle Svendsen vil også inn på stafettlaget i VM i Kollen

Foto: Nyhetsspiller

Og både Lars Berger, Ole Einar Bjørndalen og no sist også Emil Hegle Svendsen har signalisert lyst til å gå tredjeetappen i langrennsstafetten i VM i Holmenkollen 4. mars. Den etappen går i skøyting.

- Vi er ikkje bekymra

- Kvifor er skiskyttarane i form, og ikkje langrennsløparane bak Petter?

- Langrennsløparane bak Petter gjekk på Beitostølen, og vi såg korleis skiskyttarane plasserte seg der. Vi har mange gode løparar, og det er enno lenge til VM, så eg er ikkje bekymra. Vi har mange kandidatar, og det vil vere dumt å endre på noko opplegg no. Vi har tru på det vi held på med, seier Skinstad, og legg til:

- Også dei rutinerte skiskyttarane som Bjørndalen, Svendsen og Berger kjem til å gå fortare seinare i sesongen enn det dei gjer no.

- Det kan kanskje bli litt spesielt å samanlikne med langrenns-spesialistane, men eg trur nivået blant våre løparar er godt. Det har vi sett både av Ole, Ronny (Hafsås)og Lars, dei presterer på høgde med dei aller beste i Noreg, seier Botnan til NRK.

Vil på VM-laget

Vincent Vittoz , Ronny Hafsås og Matti Heikkinen

Ronny Hafsås på toppen av pallen etter 15 km i verdscupen på Beitostølen - i skøyting. Han slo så gode langrennsløparar som Vincent Vittoz og Matti Heikkinen

Foto: Cornelius Poppe, Cornelius Poppe/Scanpix / Scanpix

Skiskyttarane har meldt seg på konkurransen om å få gå tredje etappen i stafetten i Holmenkollen under VM, men langrennssjef Åge Skinstad meiner dei framleis har eit stykke opp dit.

Per Arne Botnan er usamd og meiner gutane hans fint kan hevde seg også i langrenn. Ikkje minst fordi dei er spesialistar i skøyting.

For ingen av dagens landslagsløparar i langrenn, utanom Petter Northug, har nokonsinne vunne eit verdscuprenn i langrenn i fri teknikk. Det har skiskyttarane Ole Einar Bjørndalen, Lars Berger og Ronny Hafsås gjort.

- Få skøyterenn

Og både på normaldistansen og skiskyttarsprinten i Östersund hadde norske løparar dei fire beste langrennstidene.

- Kvifor trur du det er så vanskeleg å få fram gode langrennsspesialistar i skøyting, Botnan?

- Det er det eit todelt svar på, trur eg. Ei av årsakene er at det er så få skøyterenn at ingen vil satse fullt og heilt på det. Då blir det for få konkurransar i løpet av ein sesong. Og skal du satse på begge stilartene, vil det krevje sitt. Det er ingen lett kombinasjon.

- Korleis trur du Emil Hegle Svendsen hadde hevda seg i langrenn akkurat no?

- Med den formen han er i no, trur eg ikkje det er mange utanom Northug som hadde gått frå Emil i skøyting i Noreg. Også Ole hadde slått dei fleste - han hadde også beste etappetid på langrennsstafetten i Gällivare, seier Botnan.

Siste nytt

  • Nadal gjorde kort prosess i etterlengtet comeback – feide Cobolli av grusen

    Rafael Nadal imponerte da han endelig var tilbake på tennisbanen igjen. 37-åringen feide Flavio Cobolli av grusen i Barcelona Open.

    Nadal vant 6-2, 6-3 over den 62.-rangerte italieneren. Dermed tok han seg videre til kamp mot Alex de Minaur i neste runde. Nadal har vunnet turneringen 12 ganger.

    Det var gruskongens første kamp på favorittunderlaget siden han slo Casper Ruud i finalen i Roland-Garros i juni 2022. Han har vært plaget av skader siden da, og hans forrige kamp var i januar.

    Under skadeoppholdet har Nadal falt til 644.-plass på ATP-rankingen. (NTB)

    Nadal
    Foto: NTB
  • Norges håndballmenn møter Danmark og Frankrike i OL-gruppespillet

    Norge kom i gruppe med blant andre Danmark og tittelforsvarer Frankrike da trekningen for OL-turneringen i håndball for menn ble foretatt i Paris.

    Tirsdagens trekning ble foretatt i forbindelse med styremøtet i Det internasjonale håndballforbundet (IHF) i OL-byen.

    Norge havnet i gruppe B med Danmark, Ungarn, Frankrike, Egypt og Argentina.

    De tolv OL-klare nasjonene ble fordelt i to grupper med seks lag i hver. De fire beste i hver gruppe tar seg til kvartfinalene.

    OL-turneringen i håndball spilles fra 27. juli til 11. august. Innledningskampene er lagt til Paris Expo Porte de Versailles, og finalerundene skal spilles i Stade Pierre-Mauroy i Lille.

    Frankrike er tittelforsvarer i OL både for kvinner og menn. (NTB)

    EHF 2024 Mens European Handball Championship Main Round Norway v Portugal
    Foto: CATHRIN MUELLER / Reuters
  • Norges håndballkvinner møter Danmark og Sverige i OL-gruppespillet

    Norge kom i gruppe med blant andre Danmark og Sverige da trekningen for OL-turneringen i håndball for kvinner ble foretatt i Paris.

    Tirsdagens trekning ble foretatt i forbindelse med styremøtet i Det internasjonale håndballforbundet (IHF) i OL-byen.

    Norge havnet i gruppe A med Tyskland, Slovenia, Sverige, Danmark og Sør-Korea.

    Norges herrer møter Danmark, Frankrike, Ungarn, Egypt og Argentina i deres OL-gruppe.

    De tolv OL-klare nasjonene ble fordelt i to grupper med seks lag i hver. De fire beste i hver gruppe tar seg til kvartfinalene.

    Norge var i samme seedingspulje som Kroatia, og kroatene var dermed de eneste Norge ikke kunne trekke. Frankrike fikk som tittelforsvarer velge gruppe etter at fem lag var trukket i hver. (NTB)

    gaGQ0Njsuwg
    Foto: NTB

Sendeplan

Kl. Program Kanal