Hopp til innhold

Landslagsløpar: – Trudde min siste time var komen

Hans Christer Holund blei frakta med ambulansehelikopter frå breen i Val Senales. – Det var verkeleg skremmande.

Holund på breen

DRAMATISK: Hans Christer Holund har aldri tidlegare hatt pusteproblem, men den siste dagen på treningssamling på breen i Val Senales fekk han nesten ikkje puste.

Foto: Poppe, Cornelius / NTB scanpix

Torsdag førre veke: Hans Christer Holund og resten av landslaget hadde 18 dagar med lange turar på ski bak seg på den italienske breen.

Dei skal ut å gå dei siste timane før dei reiser heim til Noreg. Men etter eit kvarters tid må Hans Christer Holund berre legge seg rett ned i snøen.

– Eg klarte ikkje å puste skikkeleg og fekk rett og slett ikkje nok luft, fortel Holund.

Lyn-løparen frå Nittedal er ny på landslaget denne sesongen etter ein sterk sesong i fjor med fjerdeplass i verdscupen i Østersund og sjetteplass på femmila i Holmenkollen.

Holund i Kollen

IMPONERTE: Under femmila i Holmenkollen i mars hang Hans Christer Holund med heilt til slutten og kom inn på ein svært sterk sjetteplass.

Foto: Bendiksby, Terje / NTB scanpix

Mista følelsen i armen

Mot alle odds er han nå faktisk på veg til den nasjonale opninga på Beitostølen, men opplevinga i Val Senales førre veke sit framleis godt i.

– Der og da trudde eg oppriktig talt at min siste time var komen. Eg kjente det med ein gong eg begynte å gå. Men da eg kom bort til drikkebeltet etter eit kvarters tid eskalerte det. Plutseleg mista eg følelsen i armen, pusteproblema blei verre og eg måtte berre legge meg rett ned. Da blei naturleg nok dei rundt meg og eg uroa.

Ambulansen blei ringt og helikopter kom opp til 3000 meters høgde for å hente Holund ned til sjukehuset i Zams i Austerrike.

I helikopteret følte 26-åringen seg trygg.

– Det verste var minutta på ski da eg heldt på å svime av, det var verkeleg skremmande. Eg har aldri hatt pusteproblem tidlegare og lungene er jo eigentleg det som har fungert best på kroppen, seier Holund som er kjent for å ha ein enorm lungekapasitet.

LES SAKA: Holund føler seg ikke ydmyket

Mål om pallen i verdscupen

Vel nede i låglandet igjen gjekk alt så mykje betre.

– Da eg kom ned på sjukehuset følte eg meg mykje betre. Legane fann heller ikkje noko alvorleg. Nå har eg trena normalt sidan fredag og føler meg frisk.

Testane han har tatt etter at han kom til Noreg har heller ikkje funne kva som var årsaka til den dramatiske hendinga. Sjølv trur Holund det kan vere nøtteallergien som kan vere grunnen.

Nå er han uansett klar for Beitostølen i sin fyrste sesong som landslagsløpar. I år vil Hans Christer Holund bli kjent for meir enn å vere han som Petter Northug leika med i NM-stafetten.

– Eg slår nok ikkje like godt frå meg i intervju som Northug, men eg skal slå frå meg i skiløypa. Målet er pallplass i verdscupen, seier Holund som har friplass i verdscupen fram til jul som regjerande vinnar av Skandinavisk cup.

Komm.: Jann Post og Torgeir Bjørn

LEIKESTOVE: Du hugsar kanskje korleis Petter Northug leika med Hans Christer Holund i NM-stafetten på Røros?

Siste nytt

  • Skaslien og Nedregotten videre i curling-VM

    Det norske ekteparet Kristin Skaslien og Magnus Nedregotten vant sin sjette kamp på rad da Sveits ble slått 6-5 den blandede parturneringen i curling-VM.

    Tidligere onsdag slo de Italia 7-4. Dermed topper duoen gruppe A sammen med Sveits og er klar for utslagsrundene allerede før siste kamp i grunnspillet.

    Torsdag venter Spania, som ligger sist i gruppe A.

    Det gjelder å komme seg blant de tre beste i gruppen. Vinneren går direkte til semifinalen, mens to de to neste skal ut i utslagsrunde mot toer- og treerlagene fra gruppe B.

    Skaslien og Nedregotten spiller sitt første mesterskap sammen siden de tok sølv i Beijing-OL i 2022. (NTB)

    Nedregotten og Skaslien
    Foto: LILLIAN SUWANRUMPHA / AFP
  • Kolstad tok første stikk i semifinalen mot Drammen

    Kolstad gikk hardt ut på vei mot 32-26-seier over Drammen i lagenes første semifinalekamp i håndballsluttspillet.

    Seriemesteren ledet med fem mål i egen hall før DHK noterte sitt første. Bortsett fra en kort periode tidlig i 2.-omgangen ble duellen aldri spennende og Kolstad vant med seks mål.

    Semifinalen spilles i best av tre oppgjør. Kolstad kan avgjøre serien med borteseier mandag.

    Den andre semifinalen er mellom Elverum og ØIF Arendal.

    Kolstad er regjerende sluttspillmester. Inntil fjorårets finaletap hadde Elverum vunnet turneringen ni ganger på rad. (NTB)

    REMA1000-ligaen: Kolstad-Elverum 29–28.
    Foto: Ole Martin Wold / NTB
  • Glimt møter Lillestrøm i cupens 3. runde

    Onsdag kveld ble oppgjørene i 3. runde i cupen trukket. Tittelforsvarer Molde gjester Hødd.

    Molde er regjerende norgesmestere etter at de slo Bodø/Glimt 1-0 i fjorårets finale. Årets utgave avgjøres 7. desember på Ullevaal stadion.

    Allerede 1. mai skal neste runde spilles. Disse lagene møtes (eliteseriekamper uthevet):

    Sogndal – KFUM Oslo, Lysekloster – Kjelsås, Bodø/Glimt – Lillestrøm, Eik Tønsberg/Fredrikstad – Rosenborg, Råde – Hønefoss/Sarpsborg 08, Strømsgodset – Kristiansund, Hødd – Molde, Tromsdalen – Viking, Egersund – HamKam, Sandnes Ulf – Odd, Alta – Stabæk, Arendal – Bryne, Eidsvold Turn – Åsane, Ranheim – Raufoss, Levanger – Brann, Oppsal/Vålerenga – Tromsø.

    Alle oppgjørene i 2. runde er imidlertid ikke spilt enda. Torsdag spilles Fredrikstad – Eik Tønsberg, Sarpsborg – Hønefoss og Oppsal – Vålerenga.

    Det har vært flere cupbomber allerede i årets turnering. I første runde røk eliteserielagene Haugesund og Sandefjord ut for henholdsvis Torvastad og Fløy. Resten av eliteserielagene berget seg imidlertid videre fra 2. runde. (NTB)

    Eliteserien i fotball 2024: Lillestrøm - Bodø/Glimt (0-5)
    Foto: Javad Parsa / NTB

Sendeplan

Kl. Program Kanal