Dermed har han vunne begge dei to første etappene i rittet, og leier samanlagt med åtte sekund på Caleb Ewan.
Etappen torsdag enda i massespurt i målområdet i Langesund, og Kristoff viste igjen at han kan slå alle i ein slik situasjon.
– Det var eit bra lagarbeid inn mot oppløpet. Opptrekket var veldig bra, og eg kunne cruise inn til siger, sa Kristoff til NRK.
Lettare i dag
Han meinte det var lettare i går enn i dag. I går meinte han at
.– Ja, vi hadde betre kontroll i dag. Vi hadde fleire mann framme og kontrollerte, sjølv om det kom fleire lag som også viste at dei har ambisjonar, seier Kristoff.
Edvald Boasson Hagen enda på niandeplass. Han lar seg imponere over Kristoffs enorme styrke.
– Det er enormt sterkt. Eg har slutta å seie at eg er imponert, for han vinn heile tida. Det er utruleg sterkt det han gjer, sa Edvald Boasson Hagen til NRK rett etter målgang.
Innkøyrt på Brevikbrua
Fleire ryttarar gjekk i tidleg brot, og hadde ei leiing på over tre minutt. Dei vart ikkje innkøyrde før seks kilometer før mål, midt på Brevikbrua.
Sigeren var Kristoffs 13. i år, det same som Mark Cavendish har. Det var hans sjuande i Tour of Norway totalt. I fjor varr Kristoff 14 sigrar i løpet av heile sesongen.
– Målet før sesongen var minst 14 i år og. No trur eg det kan vere mogeleg å nærme seg 20, seier Kristoff.
Australske Caleb Ewan vart nummer to og Anrew Fenn frå Storbritannia tre.
Danegsn 195 kilometer lange etappe gjekk frå Drammen til Langesund. Fredagens etappe går frå Skien til Rjukan, då er det meir klatring. Rittet bli avslutta på Eggemoen søndag.
– Det var raskt og hektisk i spurten, og eg greidde ikkje å kome lenger fram, sa Edvald Boasson Hagen. Han låg lenge bra an, men makta ikkje å henge med heilt inn.
– Det var ikkje ein spurt som favoriserte meg, seier han.