– Han spydde på veg ned frå nest siste bakken, seier trenar Stein Ørn.
– Han er vel rett før koma, heilt sikkert. Det er utruleg å sjå evnen han har til å ta i, seier trenar Stig Kristiansen.
Kristoff tok ut alt i håp om å vinna sitt første VM-gull, men enda opp med fjerdeplass etter å ha tyna ut alt av krefter i jakta på triumf.
Overraska over farten i feltet
28-åringen vegdår at løpet var overraskande tøft.
– Det var ikkje mange plassar ein kunne kvile i løypa. Eg truddde også rittet skulle vere meir kontrollert enn det var, seier Kristoff.
Mot slutten blei det for hardt for Norges gullhåp.
– Eg skjønte raskt at det kom til å bli tøft, og ga raskt beskjed til Edvald om at han måtte nøytralisere feltet, men Sagan blei dessverre for sterk på slutten.
– Mista turboen
Og så raskt Kristoff skjønte at det ikkje blei gull, ga han blaffen, fortel trenar Ørn.
– Når han ser at han ikkje kan vinne gir han F... Han sa at han mista turboen med ein gang han forstod det, seier Ørn.
– Det er det samme om eg blir nummer to, tre eller fire. Eg hadde håpa å vinne. Alt anna betyr ikkje så mye, seier Kristoff.
Vurderte å bryte Kristoff-planen
Edvald Boasson Hagen køyrte for Kristoff, men vurderte å bryte planen om å køyre for kapteinen då Sagan stakk på slutten.
– Eg var inne på tanken, men då hadde eg ikkje fulgt planen. Sånn er det å ha ein kaptein, seier nordmannen, som enda på 20.-plass.
– Det er vanskeleg å seie om det hadde blitt gull eller ikkje, seier Boasson Hagen solidarisk.
– Er du skuffa?
– Eg er ikkje veldig fornøgd, seier Boasson Hagen.
Stig Kristiansen hadde ikkje noko å seie på Norges taktikk. Ei heller innsatsen. Tidlegare i VM slakta han U23-guttas opptreden, men i dag rosa landslagssjefen dei norske stjernene.
– Vi kan ikkje seie at gutta har gjort eit dårleg sykkelløp, eller at dei ikkje gjorde det beste dei kunne. Det er surt at medaljane glepp, men sånn er det bare, seier Kristiansen.