Hopp til innhold

– Han er og blir ein medaljekandidat

BEAVER CREEK (NRK): Aksel Lund Svindals konkurrentar lar seg ikkje bare imponere av at 32-åringen er tilbake på rekordtid. Dei trur også at comeback-kongen kan stå på pallen etter super-G-rennet i dag.

Aksel Lund Svindal

HÅPET: Aksel Lund Svindal rakk VM i USA og køyrer utan press for første gang på lenge under super-G-rennet i dag.

Foto: Toirje Bjellaas / NRK

  • Sjå super-G for menn på NRK2 kl. 18.30

– Aksel er den beste utfor og super-G-køyraren i verda, så sjansen er der, seier Dominik Paris, som vann det siste super-G-rennet før VM.

– Så lenge han føler seg sjølvsikker nok til å starte er han medaljekandidat. Han ville ikkje køyrt om han ikkje hadde følt at han hadde ein god sjanse til å komme på pallen, seier regjerande VM-vinnar i super-G, Ted Ligety.

Det var med arenens største glis at Aksel Lund Svindal tok av seg skia og møtte støtteapparatet i målområdet etter utforgjennomkøyringa i går.

– Han har nok ein del fart i reserve

Etter ein samtale med fysio Lars Mæland og manuellterapeut Trond Reginiussen snudde han seg mot filmteamet som har fulgt han sidan han skada akillesen i oktober i fjor og ropte:

– Eg må nesten bare køyre rennet!

På resultatlista var han nummer 11, over sekundet bak bestemann Kjetil Jansrud, som trass avstanden er optimist før Lund Svindals comebackrenn.

– Han viser at han heng med sjølv om det er litt avstand til toppen. Han har nok ein del fart i reserve kjenner eg han rett. Han er og blir ein medaljekandidat, seier gullfavoritten.

Ligety: – Vanskeleg løype

Ted Ligety

– Dette er ei veldig vanskeleg løype å gjøre comeback i, seier Ted Ligety.

Foto: Fred Hayes / Afp

Lund Svindal var raskast på toppen av «Birds of Prey»-løypa, men tapte ein del tid midtvegs.

Ikkje overraskande, meiner amerikanske Ligety.

– Det er veldig imponerande at han gjør det så bra her. Dette er ei veldig vanskeleg løype å gjøre comeback i, seier den regjerande VM-vinnaren.

– Vi har så mykje respekt for han. Han er fyren folk må sjå opp for sjølv om han har vore ute i eit år, legg Ligety til.

– Større sjanse i utfor

NRKs alpinekspert Kjetil André Aamodt utelukkar ikkje at Lund Svindal kan overraske med pallplass i super-G, men held 32-åringen som ein større favoritt i utforrrennet, som kjem seinare i veka.

– I og med at han har trena så lite er sjansane størst i utfor. Han får eit lågt startnummer i super-G. Det kan vere ein fordel for han, men super-G er vanskelegare i og med at det er meir teknisk enn utfor.

– Men alt er mogleg. Han er ein vanvittig mann, seier Aamodt.

Sjølv er Lund Svindal klar på at han køyrer for medalje.

– Eg har ein viss sjanse og har ingenting å tape, seier comeback-kongen med eit lurt smil.

Siste nytt

  • Storhamar knuste Vålerenga

    Storhamar var klart best og vant den tredje kampen 4-1 i NM-finaleserien mot Vålerenga.

    Laget fra Hamar leder nå 2–1 i kamper, og mangler to seire på å sikre seg kongepokalen.

    Storhamars Sverre Rønningen ble kampens store spiller med to mål for vertene.

    NM-sluttspillet ishockey menn, finale 1. kamp (best av 7), Storhamar -Vålerenga (5-1)
    Foto: Lise Åserud / NTB
  • Norsk hockey-tap i Ungarn

    Norge tapte 1–2 mot Ungarn i en privatlandskamp i ishockey fredag kveld.

    Viktor Granholm scoret Norges mål i overtall i det som NTB omtaler som en kamp som «ikke vil bli husket lenge».

    Norge møter Ungarn til ny kamp lørdag.

    Ishockey, treningskamp: Norge-Frankrike (3-4)
    Foto: Alf Simensen / NTB
  • Lyn vant etter kjempetabbe

    Lyn tok sesongens første seier da LSK Kvinner ble slått 1–0 i Toppserien fredag kveld.

    Kampens eneste scoring kom etter en fæl tabbe fra LSKs forsvarsspiller Camilla Huseby. Hun spilte ballen rett i beina til Lyns Jenny Røsholm Olsen, som vippet ballen over keeper og i mål.

    Lyn står dermed med fire poeng på fire kamper, mens LSK Kvinner står med to seirer og to tap etter fire runder.

    Toppserien i fotball 2024: Portretter av Lyn
    Foto: Fredrik Varfjell / NTB

Sendeplan

Kl. Program Kanal