Skarstein drog frå heilt frå start, og det var aldri tvil om gullet. Halvveges leia ho med over seks sekund, og med tida 5.22,12 var ho 11,74 sekund føre Moran Samuel på sølvplass. Ljudmila Vautsjok tok bronsen, men var nesten 17 sekund bak Skarstein.
– Eg ville prøve å ta leiinga fort, og det gjekk fint. Men eg opna nok litt hardt, for eg kjende at eg fekk litt syre i armane, seier ho til NRK.
Ho meiner løpet ikkje var perfekt, trass i den enorme sigersmarginen.
– Godt å sjå at det funkar
– Eg såg ho israelske (Moran Samuel) kome, og prøvde å halde henne bak meg. Eg prøvde å konsentrere meg om kvart tak for å kome meg framover, seier den suverene verdsmeisteren.
– Du vinn med over 11 sekund. Korleis er det å vere så suveren?
– Vi har jobbe på veldig mange område sidan i fjor, både fysiske og mentalt. Det er godt å sjå at det har funka, og at det har vore rett det vi har gjort.
Har slite med sjukdom
25-åringen var klar favoritt etter å ha vore best i alle tidlegare rundar.
Ho deltok i paralympics i Sotsji, men har sidan slite med sjukdom. I fjor tok ho sølv i VM, men ho har ikkje delteke i ro-konkurransar tidlegare i år.
– Det er også godt å vite at formen er god når vi skal satse fram mot Rio om to år. Då vil også konkurransen spisse seg endå meir til. Alle på pallen i dag er hailtidsutøvarar og jobbar knallhardt, seier Skarstein.
Må forbetre teknikken
No skal ho jobbe med teknikken i oppkøyringa fram mot Paralympics i Rio, det neste hovudmålet.
– Taka skal perfeksjonerast, åra skal nå vatnet i nøyaktig rett augneblink. Det er nødvengi for å få maks ut av taket, for taket mitt er kort samanlikna med konkurrentane som kan bruke beina, seier ho.
Før det skal ho til ski-VM til vinteren og ro-VM neste år.
– Så blir det mange små delmål på vegen dit, seier Skarstein som reknar med kakefeiring i kveld.