– Eg sov ikkje ein dritt i natt, seier Eckhoff, som fortel at det bare blei 5-6 timar søvn natta etter at ho tok VM-gull i Holmenkollen.
Dagen etter feiring, medaljeseremoni og mange intervju gjekk ho først ut på jaktstarten og kunne ta ny medalje med ein feilfri serie på siste skyting.
Men der kollapsa 25-åringen totalt og bomma fire gangar.
Totalt bomma ho på heile sju av 20 skot og enda til slutt på 17.-plass.
– Eg var sliten frå første stavtak. På siste skyting var eg ikkje heilt fokusert. Eg prøvde så godt eg kunne, men sånn er det, seier Eckhoff.
– Er du deppa?
– Nei. «Shit happens». I alle fall når eg er så utlada, seier Eckhoff.
– Kunne du gjort noko annleis sett i ettertid?
– Eg føler eg gjorde alt eg kunne for å nullstille. Det var nok litt dei tankane som kom på siste skyting som eg ikkje klarte å skilje ut, seier 25-åringen.
– Utlada
Innsatsen på standplass er langt unna det ho klarte på sprinten laurdagen. Då skaut Eckhoff feilfritt for første gang i karriera og tok VM-gull på heimebane.
– Ei skikkeleg krasjlanding, sa kommentator Andreas Stabrun Smith etter kjempesprekken på siste skyting.
– At ho er utlada etter gårsdagen gjør at ho ikkje er så rå at ho kan skyte fem rett ned like raskt og effektivt som for eksempel Wierer gjør, seier NRKs ekspertkommentator Liv Grete Skjelbreid.
No ser Eckhoff fram til å få kvile.
– Eg er glad eg kan sleppe å halde på så lenge i dag. No kan eg gå raskt til sengs, seier 25-åringen.
Tysk gull - norsk superklatring
Tyske Laura Dahlmeier tok gullet på jaktstarten. Italienske Dorothea Wierer kapra sølvet. Bronsen blei fransk. Dorin Habert kom i mål 57,3 sekund bak Dahlmeier.
Best av dei norske var Marte Olsbu på 16.-plass. Olsbu bomma fire gangar.
Fanny Horn Birkeland gjekk ut som nummer 42, men enda på 19.-plass.
– Det er ergeleg at eg bomma to gangar på siste skyting. Då har eg sjansen til å fullføre eit veldig bra løp, seier Horn Birkeland.