Hopp til innhold

Karadas ynskt av utanlandske klubbar

Fotballspelaren Azar Karadas (32) opnar for spel i utlandet igjen. Kraftpluggen frå Eid har fått konkrete kontraktstilbod både frå inn- og utland.

Azar Karadas

STOR INTERESSE: Azar Karadas har opplevd stor interesse etter at kontrakten hans med Sogndal gjekk ut etter førre sesong. På nyåret har også utanlandske klubbar gjeve han kontraktsforslag.

Foto: Ole Reidar Mathisen / NTB scanpix

Azar Karadas var av Sogndal Fotball sine beste spelarar i fjor, men kontrakten med klubben gjekk ut etter sesongslutt.

Nordfjordingen som tidlegare har sagt han ynskjer å vere i Norge, opnar no for eit nytt proffeventyr i utlandet. Han har tidlegare spelt for Benfica, Portsmouth, Kaiserslautern og Kasimpasa i utlandet.

– Skal eg hoppe på noko i utlandet, så må det vere eventyr i utlandet som vere artige å vere med på og verdt å hoppe på. Det er det vi ser litt på om det kan vere i den kategorien, seier Karadas til NRK.no.

På nyåret

– Men interessa frå utlandet har kome nyleg?

– Ja, det har kome no på nyåret.

Karadas presiserer at han framleis er tidleg i prosessen, og at det er agenten hans som handsamar saka vidare. Han legg også til at han har fått tilbod frå interessante klubbar i Norge.

– Eg stenger ingen dører, men overlet dette til agenten min, seier han.

Bra interesse

32-åringen har spelt dei to siste sesongane for Sogndal, men det har også svirra rykte om at både Brann, Lillestrøm og Sandnes Ulf har prøvd å sikre seg tenestene hans.

Karadas vil ikkje kommentere kva klubbar som har vist interesse, ei heller kor mange klubbar som har gjeve han kontraktstilbod. I Norge er det tale om eliteserielag.

– Men det har vore bra interesse, der nokon har gått litt lenger og gjeve meg konkrete forslag. Og det ligg nokre gode tilbod på bordet som er så pass spennande at vi må sjå på om det er verdt å gå vidare med, seier den tidlegare Brann-, Rosenborg og Sogndal-spelaren.

Hastar ikkje avgjerda

32-åringen vart i periodar i fjor framheva som nøkkelen til Sogndal-suksessen, og seier han ikkje stressar avgjerda med å finne ny klubb.

No trenar han med 2. divisjonslaget Fyllingsdalen.

– Eg tek ein dag av gangen, trenar godt og gjer kroppen klar for ein ny sesong. Så får vi sjå når vi tek ei avgjerd, seier han.

– Kva kriterium legg du til grunn ved valet?

– Det er fleire. Eg har ein familie eg må ha med på råd og sjå om det er ting dei tykkjer er interessant. Dei spelar ein stor rolle i dette. Blant fleire ting er det også det sportslege.

– Det er fleire rundt Sogndal som framleis håpar å sjå deg i kvitt og svart kommande sesong. Kva kan du seie til dei?

– Eg takkar for det, men eg er i ein fase der eg ser på tilboda eg har. Den jobben må eg gjere, før eg tek ei avgjerd.

Siste nytt

  • Storhamar knuste Vålerenga

    Storhamar var klart best og vant den tredje kampen 4-1 i NM-finaleserien mot Vålerenga.

    Laget fra Hamar leder nå 2–1 i kamper, og mangler to seire på å sikre seg kongepokalen.

    Storhamars Sverre Rønningen ble kampens store spiller med to mål for vertene.

    NM-sluttspillet ishockey menn, finale 1. kamp (best av 7), Storhamar -Vålerenga (5-1)
    Foto: Lise Åserud / NTB
  • Norsk hockey-tap i Ungarn

    Norge tapte 1–2 mot Ungarn i en privatlandskamp i ishockey fredag kveld.

    Viktor Granholm scoret Norges mål i overtall i det som NTB omtaler som en kamp som «ikke vil bli husket lenge».

    Norge møter Ungarn til ny kamp lørdag.

    Ishockey, treningskamp: Norge-Frankrike (3-4)
    Foto: Alf Simensen / NTB
  • Lyn vant etter kjempetabbe

    Lyn tok sesongens første seier da LSK Kvinner ble slått 1–0 i Toppserien fredag kveld.

    Kampens eneste scoring kom etter en fæl tabbe fra LSKs forsvarsspiller Camilla Huseby. Hun spilte ballen rett i beina til Lyns Jenny Røsholm Olsen, som vippet ballen over keeper og i mål.

    Lyn står dermed med fire poeng på fire kamper, mens LSK Kvinner står med to seirer og to tap etter fire runder.

    Toppserien i fotball 2024: Portretter av Lyn
    Foto: Fredrik Varfjell / NTB

Sendeplan

Kl. Program Kanal