Ho møtte Kinga Siwa frå Polen i finalen. Elgan styrte kampen og vann dei to første rundane. Mot slutten var Elgan nokså sliten, men klarte likevel å vinne finalen med 2-1.
- Kvar gong polakken prøver å angripe framover svarer Fam med sidevegs forflytting og kontring eller med rask slagserie tett i kroppen.
Når Siwa prøver å utnytte rekkjevidda si svarer Fam med kontante sidekick til kroppen som gjer at polakken ikkje når inn med slagteknikkane sine. Etter andre runde har Fam ei leiing på 3-5 poeng hos alle dommarane, skriv kickboksing.no i sitt referat frå finalen.
- Det vart 2-1 til slutt, men ho hadde full kontroll heile tida, seier klubbtrenar Thomas Bogsnes Kristiansen til NRK.
23-åringen frå Bergen er rutinert, sjølv om ho deltek i sitt aller første VM.
- Vi hadde eit godt håp om at ho skulle klare dette, og det gjorde ho med bravur, seier Kristiansen til NRK.
Seinare i dag skal Tonje Sørli i aksjon finalen i klasse 56 kilo. Også ho er frå Champions Kickboksing-klubb i Bergen. Ein tredje utøvar frå same klubb, Cathrine Fonnes, tok i går bronse i sin klasse.
- Ingen tvil, dette er eit meisterskap vi er godt nøgde med, seier Kristiansen.