Hopp til innhold

Jönsson tek over AaFK-skuta

– Når ein plukkar ned ballar som dette, så gjer det godt. Det seier klubbdirektør i AaFK, Henrik Hoff, etter at Jan Jönsson blei klar som ny hovudtrenar i Aalesunds FK.

Jan Jönsson

Jan Jönsson er klar for å ta fatt på trenargjerninga i Aalesunds FK. Her frå tida i Rosenborg.

Foto: Solum, Stian Lysberg / NTB scanpix

Henrik Hoff Kjell Tennfjord

Her er klubbdirektør Henrik Hoff og styreleiar Kjell Tennfjord under pressekonferansen då Kjetil Rekdal fekk sparken. No har dei tilsett Jan Jönsson som ny AaFK-trenar.

Foto: Svein Ove Ekornesvåg / NTB scanpix

– Vi er svært glade og fornøgde med å ha fått ein kapasitet som Jan Jönsson som ny hovudtrenar i AaFK.

Det seier AaFK sin klubbdirektør, Henrik Hoff, til NRK.no.

– Han er den typen trenar vi har ønskja oss inn i teamet vårt.

– Vi har trur på at han kan vidareutvikle trenarteamet og laget vårt. Vi har tru på spelargruppa, og vi trur Jan Jönsson er den rette mannen til å leie arbeidet framover.

Mange vurdert

Både Åge Hareide og Conny Karlsson, samt tidlegare assistenttrenar i AaFK Kent Bergersen, har alle blitt nemnt i trenarjakta for dei oransje og blå.

No er det derimot klart at tidlegare Rosenborg-trenar Jan Jönsson tek over som hovudtrenar i Aalesunds FK.

– Då Aalesund først tok kontakt var eg nok litt tvilande. I juletidene hadde eg nok tenkt å takke nei, men eg fekk nokre veker på meg til å tenkje meg om, seier den nytilsette AaFK-trenaren til Sunnmørsposten.

Han har skrive under på ein eittårskontrakt, med intensjon om to års forlenging, fortel Hoff.

Kent bergersen

Det stod til slutt mellom Kent Bergersen og Jan Jönsson. No blir førstnemnde mest sannsynleg ein del av trenarteamet til sistnemnde.

Foto: Arne Gunnar Olsen / NRK

Ser ikkje på seg sjølve som andreval

Trenaravgjersla blei teken måndag kveld. Tidlegare har Hoff sagt at ein trenar som ser på AaFK som andreval er uaktuell.

– AaFK har overhovudet ikkje blitt andrevalet. Vi har kommunisert tett med Jan Jönsson. Vi veit at han har hatt ein dialog med Vålerenga, men vi oppfattar oss som ein klubb han svært gjerne vil trene, seier Hoff til NRK.no.

Hoff fortel at Jönsson i augneblinken er i Sverige.

– Eg har prata med han på telefon fleire gonger.

– Han kjem til treningsleiren ganske snart, anten på onsdag eller torsdag. Det blir avklara i morgon.

– Kent var den første som blei informert

Dei siste dagane har det vore klart at anten Jönsson eller assistenttrenar i AaFK Kent Bergersen ville bli ny hovudtrenar.

– Kva tenkjer Bergersen, som har blitt heldt litt på pinebenken, om avgjersla?

– Kent Bergersen var den første som blei informert om valet som er gjort. Han har kontrakt som assistenttrenar og skal vere ein del av teamet i 2013, seier Hoff.

Klubbdirektøren forstår at Bergersen nok helst ville bli hovudtrenar.

– Men eg trur han også blir fornøgd med dette valet etter kvart.

Uansett meiner Hoff at det er litt godt å vere ferdig med trenarjakta.

– Når ein får plukka ned ballar som dette, så gjer det godt. Det blir mykje mediefokus når ein leitar etter trenarar, og det er ikkje alltid lett å jobbe under det presset. Då er det desto kjekkare når ein lukkast, meiner Henrik Hoff.

Saka held fram under bildet.

Jan Jönsson jublar for seriegull

Her jublar Jan Jönsson for seriegull med Stabæk i 2008. No skal han prøve å ta AaFK til nye høgder.

Foto: Solum, Stian Lysberg / NTB scanpix

To bronsemedaljar ikkje nok

2012 var eit turbulent år for den nye AaFK-trenaren.

Han blei tilsett i Rosenborg i 2011, med høge forventningar både i år nummer éin og i den påfølgjande andresesongen.

Då Molde tok sitt andre seriegull på rad, tok Rosenborg si andre bronsemedalje på to år.

Det var ikkje godt nok for kravstore og nostalgiske trønderar.

Storsuksess i Bærum

Før dei to åra i Rosenborg var «Janne» Jönsson ein stor del av suksessen til Stabæk.

Han tok over Bærumsklubben i 2005.

Same år leia han dei til opprykk frå 1. divisjon. I 2007 enda det i sølv, før Jönsson leia Stabæk til klubben sitt første seriegull noko sinne i 2008.

I 2009 blei det klubben si tredje bronsemedalje i historia, medan det i 2010 blei ein skuffande 12. plass.

Kjetil Rekdal

Jan Jönsson tek over etter Kjetil Rekdal. Frå 2008 til 2012 leia Rekdal AaFK til to cupgull og ein 4. plass i Tippeligaen.

Foto: Scanpix

Forandring frydar?

Dei siste åra har AaFK hatt fritalande og lett brautande Kjetil Rekdal som hovudtrenar. Høgt og lågt, alltid, noko som enda i AaFK til slutt sparka han.

No tek lavmælte og rolege Jönsson over. Sjølv om sesongen 2012 var langt frå optimal for AaFK, har Rekdal resultat.

Han berga klubben frå nedrykk i 2008, før han leia klubben til tidenes første triumf med cupgull i 2009.

I 2010 tok han AaFK til 4. plass i Tippeligaen, noko som er klubben si beste plassering så langt i historia.

I 2011 blei det ny cuptriumf, då Brann blei slått i finalen.

To cuptriumfar var derimot ikkje nok for AaFK, som lenge har håpt å kjempe seg nærmare medaljane. Det blir Jan Jönsson si oppgåve i åra som kjem, medan Rekdal mest sannsynleg blir Vålerenga-trenar.

Siste nytt

  • Højlund punkterte kampen – reddet Manchester United

    Danske Rasmus Højlund avgjorde for Manchester United da han satte 4–2 mot Sheffield United etter fremspill av Bruno Fernandes.

    Portugiseren ble kampens store spiller for de rødkledde vertene.

    Han utlignet til 2-2 fra straffemerket etter en time, og 20 minutter senere knallet han inn 3–2 fra distanse.

    Før hvilen sto Fernandes også for frisparket som et par trekk senere ga Manchester Uniteds første utligning.

    Hjemmelaget dominerte banespillet tungt og kom til flere store sjanser, men gikk likevel til pause på 1-1.

    En fæl feilpasning fra vertenes keeper André Onana ga Jayden Bogle muligheten til å snappe ballen, gå på løp og score fra skrått hold.

    Ledelsen varte ikke lenge. Sju minutter senere stusset Harry Maguire inn utligningen.

    Tidlig i 2.-omgangen ble Old Trafford-publikummet rystet igjen. Ben Brereton Diaz sørget for at det sto 1-2 på lystavla etter fine Sheffield United-kombinasjoner.

    Manchester United tok seg opp til 6.-plassen med onsdagens seier. Klubben har kun vunnet to av sine åtte siste kamper i Premier League.

    Helst sist ligger Sheffield United med sine 16 poeng fra 34 kamper. Dert er ti poeng opp til riktig side av nedrykksstreken. (NTB/NRK)

    Britain Soccer Premier League
    Foto: Dave Thompson / AP
  • Skaslien og Nedregotten videre i curling-VM

    Det norske ekteparet Kristin Skaslien og Magnus Nedregotten vant sin sjette kamp på rad da Sveits ble slått 6-5 den blandede parturneringen i curling-VM.

    Tidligere onsdag slo de Italia 7-4. Dermed topper duoen gruppe A sammen med Sveits og er klar for utslagsrundene allerede før siste kamp i grunnspillet.

    Torsdag venter Spania, som ligger sist i gruppe A.

    Det gjelder å komme seg blant de tre beste i gruppen. Vinneren går direkte til semifinalen, mens to de to neste skal ut i utslagsrunde mot toer- og treerlagene fra gruppe B.

    Skaslien og Nedregotten spiller sitt første mesterskap sammen siden de tok sølv i Beijing-OL i 2022. (NTB)

    Nedregotten og Skaslien
    Foto: LILLIAN SUWANRUMPHA / AFP
  • Kolstad tok første stikk i semifinalen mot Drammen

    Kolstad gikk hardt ut på vei mot 32-26-seier over Drammen i lagenes første semifinalekamp i håndballsluttspillet.

    Seriemesteren ledet med fem mål i egen hall før DHK noterte sitt første. Bortsett fra en kort periode tidlig i 2.-omgangen ble duellen aldri spennende og Kolstad vant med seks mål.

    Semifinalen spilles i best av tre oppgjør. Kolstad kan avgjøre serien med borteseier mandag.

    Den andre semifinalen er mellom Elverum og ØIF Arendal.

    Kolstad er regjerende sluttspillmester. Inntil fjorårets finaletap hadde Elverum vunnet turneringen ni ganger på rad. (NTB)

    REMA1000-ligaen: Kolstad-Elverum 29–28.
    Foto: Ole Martin Wold / NTB

Sendeplan

Kl. Program Kanal