– Eg har visst det ei stund no, så det kom ikkje som noko sjokk i kveld. Og eg er veldig glad på hennar vegne, seier Therese Johaug til NRK.
Etter ei stund i tenkeboksen
. Johaug helsar dette med enorm glede.– Marit har gitt meg utruleg mykje, og eg er veldig glad for at ho fortset. Ho betyr mykje for meg, for laget og for norsk langrenn. Det er veldig viktig at ho held fram, seier Johaug.
Dei to var sist sesong dei to beste i verda, og er både harde konkurrentar og gode vener.
– Vi har snakka mykje saman. Eg har visst om at ho fortset ei stund no. Eg hugsar ikkje akkurat kor lenge eg har visst om det, men eg er i alle fall veldig glad, seier Therese Johaug.
– Ikkje overraskande
– Det er ei gledeleg avgjerd for alle oss som er interesserte i langrenn, seier NRKs ekspertkommentator Torgeir Bjørn når han får høyre at Marit Bjørgen skal halde fram.
– Men overraskande er det ikkje. Eg var nok meir i tvil tidleg på vinteren då ho endeleg vann Tour de Ski. Då var det teikn som tydde på at ho skulle slutte. Men alle signala Marit har sendt mot slutten av sesongen har tyde på at ho ville halde fram karrieren, seier Bjørn.
– Kva betyr det at Marit no held fram på landslaget?
– Ho er nærmast ein kaptein på laget og har opparbeidd seg ein enorm rutine, med både oppturar og nedturar bak seg. Det er utruleg viktig for dei unge på laget at ho no tek i alle fal ein sesong til, seier Torgeir Bjørn.