Ho har sagt frå om at ho treng fred, og at det derfor er best for henne å trene heime. Derfor reiser ho ikkje til Val Senales med landslaget, får NRK opplyst.
– Therese har hatt ei tung tid, seier hennar advokat Christian Hjort.
Torsdag sa landslagssjef Vidar Løfshus at Johaug ikkje skulle vere med til Italia, men i går sa han at ho sjølv ønskte å vere med og at det derfor truleg kom til å bli slik.
– Dette meiner eg er ei klok avgjerd, og vi respekterer sjølvsagt Therese si avgjerd i denne vanskelege situasjonen, seier Løfshus i ein kommentar.
– Nå bestemte ho seg?
– Ho har tenkt grundig over dette, og derfor meddeler eg dette no, seier Hjort.
I dag informerte Johaug Løfshus og trenar Roar Hjelmeset om si avgjerd.
– Ønskjer ho å bli heime?
– Som sagt ønskjer ho fred og ro for sin eigen del, og det er viktigast for henne å bli heime no.
– Ho har høve til å reise nedover dersom ho ønskjer det. Men slik situasjonen er no, er det vikitigaste at ho får ro, seier Hjorth til NRK.
– Er ho førebudd på å bli utestengd?
– Ho er budd på dei tiltaka som regelverket legg opp til, men ho meiner sjølv å vere utan skuld. Det blir støtta av dei faktiske omstenda. Og det blir hennar argumentasjon overfor Antidoping Norge, der ho vil kjempe for fullstendig frikjenning.