– Eg trur nesten det ikkje er sant. Det er så uverkeleg.
Kari Øyre Slind har akkurat gått inn til sitt livs løp for andre dag på rad. I går blei ho nummer tre i klassisk – i dag er det berre Therese Johaug som er betre enn ho i landet på 7,5 kilometer skøyting.
Håpar på verdscup
– Det her skulle jo berre vere nokre treningsløp for meg. Så plutseleg får eg to palløp. Det er heilt vilt. Har eg juksa eller noko? ler Øyre Slind.
Men det er ingen stjerne ved namnet til Kari Øyre Slind og ingen snarvegar er tatt for den tidlegare juniorverdsmeistaren som har slitt med skader og sjukdom dei siste åra.
– Det står jo folk rundt heile løypa, så dei hadde vel sett det om eg hadde juksa, flirer Slind igjen.
– Det kan bli spennede framover for deg nå?
– Ja, det kan sjå slik ut. Eg høyrer folk snakkar om Kuusamo, men sjølv har eg ikkje tenkt så langt. Men sjølvsagt det kan jo bli jækla spennande med ei lita reise.
Jacobsen: – Ho er ein råtass
Tidlegare har Øyre Slind berre gått verdscup på nasjonal kvote, men nå er nok 24-åringen som går for Team Veidekke Trøndelag heilt klart kvalifisert for internasjonale oppgåver i Kuusamo om to veker.
Sjølv skal ho iallfall sørgje for å ha på mobilen.
– Eg er ikkje så god på å ha med mobilen, med det skal eg eg sørgje for nå.
Astrid Uhrenholdt Jacobsen som hamna nokre små sekund bak på tredjeplassen meiner Øyre Slind er ein råtass og er imponert over at ho aldri gjev seg. Heidi Weng er like imponert.
– Det skal eg ta med meg. Det er artig at Astrid ser på meg som ei som ikkje gjer seg.