Dette var helga der volleyballandslaget skulle ta kvantesteg mot eit historisk EM-sluttspel.
Men israelarane hadde andre planer og kunne sleppe jubelen laus etter ein høgdramatisk kamp i Sotra Arena. Attende stod norske spelarar med gråten i auga.
- Les også:
– Vi var så utruleg nærme, men rotar det til på slutten. Det er utruleg kjipt, seier Mathias Loftesnes.
– Idretten er hard
– Vi har nok av moglegheiter, men klarer ikkje setje sjansane. Det er ikkje godt nok. Vi har trena knallhardt for dette, så gutane er utruleg skuffa, legg sogndølen til.
Om skuffelsen var stor hos Førde-spelaren, var den endå større hos Andreas Takvam. Med siger over England og Ungarn låg alt til rette for ein sportsleg festkveld berre 200 meter frå barndomsheimen.
22-åringen leverte ein kjempekamp med 21 poeng. Det er mykje for ein midtspelar.
- Les også:
– Det er marginane. Idretten er hard. Eg hadde ei verkeleg god kjensle av at vi skulle klare det. Vi spelar god volleyball, men gjer nokre dumme feil, seier han.
Fem sett
– Andreas var fantastisk. Men taktikken var også å legge mykje til han. I dag losna det veldig, men også Rune Fasteland var veldig god, seier landslagstrenar Scott Olsen.
Israel og Norge måtte gjennom fem sett, før israelarane kunne juble for 3-2-siger (25-23, 22-25, 25-20, 17-25, 15-14).
For å gjere vondt verre, var Norge i føringa med fleire poeng i siste settet.
- Les også:
– Vi følgde taktikken og matcha eit godt israelsk lag. Det var krig og svinga heile vegen, men vi manglar til slutt eitt poeng på å vinne heile gruppa og gå vidare til andre runde av EM-kvalifiseringa, seier Olsen.
EM 2019
Allereie er landslaget byrja å peile seg inn på nye mål. Til neste år er det duka for VM-kvalifisering og litt lenger framme ventar EM i 2019.
– Då utvidar dei til fleire lag, og eg føler vi har sjansar til å vere der då, seier Olsen.
Det trur også Takvam.
– Eg føler vi har utvikla oss bra og eg håpar vi klarer det neste gang, seier han.