NHL-proffen Mats Zuccarello Aasen er full av lovord om det norske ishockeylandslaget etter 5-4 sigeren mot Sverige i kveld.
– Dette er heilt sjukt. Eg sat og sveitta under kampen. No er eg veldig glad for at «gutta» vann, seier Zuccarello Aasen.
– Så stort at folk ikkje skjønnar det
Zuccarello Aasen såg kampen via stream i New York. Rangers-spelaren beskriv landslagets historiske siger som noko av det største i norsk idrettshistorie.
– Dette er absoutt på høgde med Noregs siger i fotball mot Brasil i VM 1998. Dette er så stort at folk ikkje skjønnar det. Vi har aldri slått Sverige, seier Zucca.
– Kor gode er Noreg på papiret i forhold til Sverige?
– Noreg har aldri vore eit individuelt lag. Dei har alltid kjempa saman. Dette viser dei nok ein gong i kveld. Heilt sjukt, heilt fantastisk, seier Zuccarello Aasen.
– Haugen har fått mykje «dritt»
Etter kampen blei keeper Lars Haugen kåra til banens beste spelar.
24-åringen fekk plass mellom stengene då førstevalget Pål Grotnes måtte ut med strekkskade på trening fredag.
Zuccarello Aasen meiner det er på tide at Haugen endeleg fekk oppleve noko positivt.
– Eg er utruleg glad på Lars Haugen sine vegne. Han fekk ikkje stå i Sparta eller Lørenskog. Han har fått mykje dritt. Det er deilig at han no får siste ordet, seier Zuccarello Aasen.
«Historisk dårligt, Tre Kronor»
Sveriges heltar, «Tre Kronor», får slakt i heimnasjonens aviser etter kampen.
Dette skriv Expressen.se:
– Sveriges VM-premiere slutta med fiasko. Kampen gjekk til overtid, og der ordna Noregs eliteseriesplarar og reservemålvakten Lars Haugen eit historisk svensk nederlag.
Aftonbladet har overskrifta «Historisk dårleg, Tre Kronor».
– Bare å suge på karamellen
Zuccarello Aasen trur Noreg kan vise meir musklar seinare i VM.
– Neste kamp er mot USA. No gjeld det bare å suge på karamellen og mobilisere til neste oppgjer. Det klarar dei fint. Og så kjem den viktigaste kampen er mot Austerrike, seier Zuccarello Aasen.
Også Noregs Russland-proff, Patrik Thoresen, ville gratulere landslaget etter sigeren.
- Det er bare å gratulerere «gutta», eg er utruleg stolt av dei, seier Patrik Thoresen i ein sms til VG Nett.