Hopp til innhold

Kven blir europacupmotstandaren til laget som var to plussmål unna 2. divisjon i 2012?

Standard Liège? Sparta Praha? Göteborg, Hapoel Tel-Aviv eller Rubin Kazan? I dag får cupmeister Hødd vite kven motstandaren i andre kvalifiseringsrunde av Europaligaen blir.

Hødd feirer cupgullet på Ullevål

Hødd berga plassen i 1. divisjon på målforskjell, med to plussmål meir enn Tromsdalen. Tromsdalen-nabo, Tromsø, blei derimot slått på sensasjonelt vis i cupfinalen. Dermed spelar Hødd kvalifisering til Europaligaen 18. og 25. juli.

Foto: Roald, Berit / NTB scanpix

Andrè Nevstad

Dagleg leiar og sportssjef i Hødd jublar her etter semifinalesiger over Brann i NM 2012. No er han i Sveits for å følgje europacuptrekninga.

Foto: Ekornesvåg, Svein Ove / NTB scanpix

Det får Strømsgodset òg vite. Rosenborg og Tromsø får vite kven dei møter i første kvalifiseringsrunde til årets Europaliga.

Slikt har nærast blitt ei vanesak for dei tre storklubbane. Det har det ikkje blitt for vesle Hødd – frå Ulsteinvik på Sunnmøre. I dag klokka 13.00 skal dei derimot trekkje motstandar til andre kvalifiseringsrunde for Europaligaen.

– Det er eit heilt nytt kapittel som vi skal til å opne. No har det sakte, men sikkert ramla inn i oss at vi faktisk skal få oppleve europacup heime på Høddvoll.

Det seier sportssjef og dagleg leiar i Hødd, André Nevstad. Han er på plass i Sveits der trekninga skjer seinare i dag måndag.

Kunne vore i 2. divisjon utan Alta-hjelp

Dei blå og kvite frå Ulsteinvik har spelt på øvste nivå i Noreg tidlegare. Først i 1966, før det blei fire år frå 1969 til 1972. Sist Hødd var i Eliteserien var i 1995.

Sidan då har det blitt spel i 1. divisjon og 2. divisjon. I 2012 var Hødd på nest øvste nivå i Noreg igjen for andre året, etter nokre år i 2. divisjon.

Hødd sleit derimot nedst i tabellen etter vårsesongen 2012, før dei byrja å klatre. Likevel blei det ein skjebnekamp 11. november i fjor.

Hødd-trenarane

Det blei mykje naglebiting for trenarduo Lars Arne Nilsen (t.v.) og Sindre Eid 11. november i fjor.

Foto: Arne Flatin / NRK

Hødd, Strømmen, Bryne og Tromsdalen kjempa alle for å unngå nedrykk. Strømmen og Bryne berga plassen med kvar sin siger, medan det etter kvart blei klart at Hødd trengde hjelp.

Det var 0-0 til pause mot Bodø/Glimt, før nordlendingane scora fire mål til 4-0 i andre omgang. Då måtte Alta vinne – og laget frå Finnmark leia 3-1 over Tromsdalen til pause.

Men så reduserte Tromsdalen til 3-2 etter 61 minutt. No trengde dei berre éi scoring, men trass i enormt med store sjansar enda det med Alta-siger. Hødd berga plassen i 1. divisjon med 35 poeng, to plussmål betre enn Tromsdalen.

– Det blei ein forferdeleg halvtime på benken då resultata gjekk imot oss og vi samstundes følgde med på kampen mellom Tromsdalen og Alta. Heldgivis gjekk kampen i Alta i vår favør, sa Hødd-trenar Lars Arne Nilsen etter dramaet.

Saka held fram under bildet.

Jublande Hødd-spelarar

Hødd var i ekstase etter cuptriumfen mot Tromsø - som sikra europacupspel for den tradisjonsrike klubben frå Sunnmøre.

Foto: Grøtt, Vegard / NTB scanpix
Arne Scheie

Det at Hødd slo Tromsø i cupfinalen, etter å ha slått Haugesund og Brann på vegen, meiner Arne Scheie er tidenes cupbombe i norsk fotball.

Foto: Larsen, HÃ¥kon Mosvold / NTB scanpix

«Tidenes cupbombe»

– No kan vi sleppe oss lause og gle oss til den store festen, sa Nilsen 11. november – med tankane på cupfinalen 25. november, der Tromsø venta.

Tidvis elendige i 1. divisjon, fantastiske i cupen. Haugesund måtte gi tapt i Haugesund, Brann fekk juling på Høddvoll, før Tromsø var storfavoritt i finalen på Ullevaal.

Der skreiv Hødd som kjent historie, med siger 7-6 etter straffespark .

«Tidenes cupbombe i norsk fotball», meinte NRK-ekspert Arne Scheie.

– I ein fotballklubb handlar det om å skape opplevingar. Det prøver vi å gjere kvar einaste helg. Men så kjem ting som cupen i fjor, store og fantastisk opplevingar. Europacupen blir det for oss i år, seier André Nevstad.

Saka held fram under videoen.

Hødd og Tromsø spilte uavgjort 1-1 og cupfinalen 2012 gikk til straffesparkkonkurranse. Der trakk Hødd det lengste strået og kunne slippe jubelen løs. Andreas Rekdal satte inn den avgjørende straffen for Hødd.

7974 vs. 1.241.664

No står det igjen å sjå kven som blir Hødd sin motstandar? Det kan bli Anorthosis Famagusta frå Kypros eller Pandurii Târgu Jiu frå Romania.

Men det kan også bli Røde Stjerne, Rubin Kazan, Standard Liège eller Trabzonspor. Eller Sparta Praha.

Blåsarane Hødd

Supportarklubben i Hødd, Blåsarane, har fast plass på ståtribuna i Ulsteinvik. Med europacup blir det truleg bortetur for supportarane òg.

Foto: Arne Flatin / NRK

Praha: 1.241.664 innbyggjarar per 2012. Ulsteinvik: 7974 innbyggjarar per 2012.

– Der er ein del lag som kling veldig godt i selskapet under trekninga, flirer Nevstad – mannen med flest Hødd-kampar gjennom tidene.

No er han dagleg leiar, og sjølv om eit storlag hadde vore kult, vil 41-åringen helst ha overkomeleg motstand. Nokon draumemotstandar har han ikkje.

– Eg er utruleg spent før trekninga, sjølvsagt er eg det. Vi håper vel eigentleg på ein motstandar der vi har moglegheiter over to kampar. Vi ønskjer å gjere det bra sportsleg, og tek vi oss vidare ligg der endå fleire kjende, store lag i trekninga. Det er vanskeleg å vite kva ein går inn, men det blir kjempespennande.

– Ville verkeleg spele på Høddvoll

Nevstad håper Hødd slepp unna veldig lange reiser i kvalifiseringsrunden, men er klar på at laget tek imot absolutt alle. Det viktigaste for laget frå den vesle sunnmørsbyen er likevel heimekamp på Høddvoll.

– Dei fleste trivst aller, aller beste heime, slik er det med oss også. Og når vi første skal spele ein heimekamp i europaligakvalifisering så vil vi verkeleg vere på vår heimebane.

For etter cuptriumfen mot Tromsø tyda det meste på at Hødd måtte låne anten Color Line Stadion i Ålesund eller Aker Stadion i Molde.

– Det var ei rett avgjerd å gå vegen mot å få spele på Høddvoll. Vi var skeptiske sjølve i byrjinga, men så gjekk det i orden. Det å få oppleve ein slik kamp på vårt eige anlegg, her i Ulsteinvik, betyr utruleg mykje, fortel Nevstad.

Saka held fram under bildet.

Høddvoll

Etter mykje om og men, besøk frå UEFA og NFF, fekk Hødd innvilga ønskjet om å spele europacup på Høddvoll.

Foto: Hans-Olav Rise / NRK
André Nevstad

André Nevstad, her ståande åleine og nervøs under cupkampen mellom Hødd og Molde på Høddvoll, håper på avansement i Europaligaen.

Foto: Ekornesvåg, Svein Ove / NTB scanpix

Kan bli pengar i kassa

Det var ein lang prosess før heimekamp på Høddvoll gjekk i orden, men det gjekk til slutt. No er Høddvoll klar for både belgisk, svensk eller tyrkisk motstand.

Ein slik kamp, i Ulsteinvik, kan i tillegg bety ekstra pengar – men motstandaren får nok litt å seie.

– Vi driv med fotball fordi vi synest det er forferdeleg kjekt å konkurrere, og å sjå kor langt ein kan utvikle ein fotballklubb og fotballspelarar, så vi vil vidare, seier Nevstad.

– Det er gulrota og drivkrafta, og så veit vi at det også gir økonomiske gevinstar som gjer at vi kan utvikle klubben vidare og ta nye steg. Gjer ein det bra blir det ekstra. Det heng i hop, avsluttar Hødd-sjefen.

Trekninga byrjar klokka 13.00 og blir vist direkte på UEFA sine heimesider.

Hødd-ledelsen

Hødd-leiinga, med Lars Petter Rønnestad (f.v.), Sindre Eid, Tom Vågen, André Nevstad og Per Arve Moldskred, gler seg til europacup på Høddvoll.

Foto: Ivar Lid Riise / NRK

Siste nytt

  • Højlund punkterte kampen – reddet Manchester United

    Danske Rasmus Højlund avgjorde for Manchester United da han satte 4–2 mot Sheffield United etter fremspill av Bruno Fernandes.

    Portugiseren ble kampens store spiller for de rødkledde vertene.

    Han utlignet til 2-2 fra straffemerket etter en time, og 20 minutter senere knallet han inn 3–2 fra distanse.

    Før hvilen sto Fernandes også for frisparket som et par trekk senere ga Manchester Uniteds første utligning.

    Hjemmelaget dominerte banespillet tungt og kom til flere store sjanser, men gikk likevel til pause på 1-1.

    En fæl feilpasning fra vertenes keeper André Onana ga Jayden Bogle muligheten til å snappe ballen, gå på løp og score fra skrått hold.

    Ledelsen varte ikke lenge. Sju minutter senere stusset Harry Maguire inn utligningen.

    Tidlig i 2.-omgangen ble Old Trafford-publikummet rystet igjen. Ben Brereton Diaz sørget for at det sto 1-2 på lystavla etter fine Sheffield United-kombinasjoner.

    Manchester United tok seg opp til 6.-plassen med onsdagens seier. Klubben har kun vunnet to av sine åtte siste kamper i Premier League.

    Helst sist ligger Sheffield United med sine 16 poeng fra 34 kamper. Dert er ti poeng opp til riktig side av nedrykksstreken. (NTB/NRK)

    Britain Soccer Premier League
    Foto: Dave Thompson / AP
  • Skaslien og Nedregotten videre i curling-VM

    Det norske ekteparet Kristin Skaslien og Magnus Nedregotten vant sin sjette kamp på rad da Sveits ble slått 6-5 den blandede parturneringen i curling-VM.

    Tidligere onsdag slo de Italia 7-4. Dermed topper duoen gruppe A sammen med Sveits og er klar for utslagsrundene allerede før siste kamp i grunnspillet.

    Torsdag venter Spania, som ligger sist i gruppe A.

    Det gjelder å komme seg blant de tre beste i gruppen. Vinneren går direkte til semifinalen, mens to de to neste skal ut i utslagsrunde mot toer- og treerlagene fra gruppe B.

    Skaslien og Nedregotten spiller sitt første mesterskap sammen siden de tok sølv i Beijing-OL i 2022. (NTB)

    Nedregotten og Skaslien
    Foto: LILLIAN SUWANRUMPHA / AFP
  • Kolstad tok første stikk i semifinalen mot Drammen

    Kolstad gikk hardt ut på vei mot 32-26-seier over Drammen i lagenes første semifinalekamp i håndballsluttspillet.

    Seriemesteren ledet med fem mål i egen hall før DHK noterte sitt første. Bortsett fra en kort periode tidlig i 2.-omgangen ble duellen aldri spennende og Kolstad vant med seks mål.

    Semifinalen spilles i best av tre oppgjør. Kolstad kan avgjøre serien med borteseier mandag.

    Den andre semifinalen er mellom Elverum og ØIF Arendal.

    Kolstad er regjerende sluttspillmester. Inntil fjorårets finaletap hadde Elverum vunnet turneringen ni ganger på rad. (NTB)

    REMA1000-ligaen: Kolstad-Elverum 29–28.
    Foto: Ole Martin Wold / NTB

Sendeplan

Kl. Program Kanal