Hopp til innhold

Bare uhellet kan fråta Bardal samanlagttriumf i verdscupen

Bare ukjende slovenarar eller diskvalifikasjon i siste renn kan hindre den norske verdscupleiaren i å vinne. Samstundes erkerivalen triumfere i avslutninga.

Video Bardal 1 poeng fra å vinne verdenscupen

SJÅ VIDEO: Anders Bardal er bare eitt poeng unna ein plass i historiebøkene.

Austerrikske Gregor Schlierenzauer knappa inn fattige 23 poeng på verdscupleiar Anders Bardal i Plancia fredag.

Etter to hopp hamna Bardal på 12. plass. Rivalen Schlierenzauer blei nummer fem.

Med resultatet er nordmannen så godt som vinnar av verdscupen samanlagt.

Sundag går siste sesongens siste renn. Bardal leier no med 100 poeng på nummer to, Gregor Schlierenzauer frå Austerrike.

No manglar trønderen bare eitt (!) poeng før verdscupsigeren er i boks.

Her er skrekkscenarioet

Dei 30 beste hopparane i verdscupen får konkurrere sundag. Men det kan potensielt stille fleire.

Slovenia opererer nemleg med nasjonal kvote på fire utøvarar, og om dei byter ut ein eller fleire av hopparane som allereie er kvalifiserte for rennet, kan det for eksempel stille 31 hopparar til start.

Med 31 hopparar til start vil det vere ein plass som ikkje gjev poeng, nemleg 31. plass. Hamnar Bardal på den potensielle jumboplassen, samstundes som Schlierenzauer vinn, vil nordmannen misse samanlagtsigeren.

Dette er komplekst og lite sannsynleg, men slik kan det skje:

I morgon vil det avgjast om slovenske hopparar innanfor topp 30 skal bytast ut, ifølgje rennleiar Walter Hofer.

Fire slovenarar er no innanfor topp 30 i verdscupen:

  • Robert Kranjec (nummer 10)
  • Peter Prevec (nummer 14)
  • Jurji Terpes (nummer 25)
  • Jure Sikovec (nummer 30)

Om to av desse blir byta ut med Jernej Damjan (nummer 31) og Jaka Hvala (nummer 44), vil austerrikske Wolfgang Loitzl komme med som den 31. hopparen til rennstart.

Det kan dermed skje at Bardal ramlar ut av topp 30, og blir poenglaus sundag. Men det vil ikkje ha noko å seie om ikkje Schlierenzauer vinn.

For å oppsummere: Det skal utruleg mykje til for at Bardal ikkje tar samanlagtsigeren. Han er nærast sikra ein plass i historiebøkene. Men det er ikkje garantert før den komplekse, slovenske hoppkabalen er løyst laurdag.

Løyser dei det slik NRK har forklart, vil triumfen ikkje vere garantert før sundag.

Hopplandslagets sportssjef forklarar det heile enkelt:

– Viss Gregor Schlierenzauer tar 100 poeng og Bardal får null, er sjansane for at Gregor vinn med fleire individuelle sigrar til stades etter det eg veit, seier Clas Brede Bråthen.

Bardal kan også bli diska. Ein diskvalifisert hoppar vil ikkje få poeng.

Slik uflaks er det lite sannsynleg at Bardal, som er denne sesongens mest stabile hoppar, skal oppleve.

VIDEO: Bardal slo av i andre omgang (saka held fram) ...

Video Bardal i Planica

Sjå Anders Bardals hopp frå andre omgang i Planica.

Blir den første sidan Bredesen i '94

Etter fredagens hopprenn snakka Bardal allereie som ein vinnar.

– Det er det største eg har vore med på i hoppbakken. Eg forstår det vel ikkje heilt enno. Det er heilt fantastisk. Og det blir vel bare endå meir moro når eg får tatt det inn over meg, seier Bardal til NRK.

– No er du vel ein av dei store?

– Det er vel ikkje så mange nordmenn som har vunne verdscupen samanlagt. Då er eg vel ein av dei store, gliser Bardal, som etter all sannsynlegheit blir den første norske verdscupvinnaren i hopp sidan Espen Bredesen.

Det er 18 år sidan Bredesens triumf.

VIDEO: Schlierenzauer med godt andrehopp i Planica

Video Schlierenzauer med 219,5 meter

Schlierenzauer hoppa 219,5 meter, men truleg til liten nytte.

Lite nøgd med den norske innsatsen

Slovenske Robert Kranjec vann fredagens renn. Med 227,5 meter i første omgang og 215 meter i andre omgang viser fantomflygaren at han er verdas beste skiflygar for tida.

Sveitsiske Simon Amman kapra andreplassen. Austerrikske Martin Koch blei nummer tre.

Like bra gjekk det ikkje for nordmennene. Bare Bjørn Einar Romøren kriga seg til ein plass på topp ti-lista.

Anders Fannemel tok 11.-plassen, medan nemnde Bardal tok plassen bak.

Det er ikkje godt nok, meiner sportssjef Bråthen.

– Vi må levere betre enn dette. Tre mellom dei tolv beste er jo for så vidt bra, men når plasseringane er 10, 11 og 12 blir det litt tynn suppe. Det inntrykket må vi rette opp, seier Bråthen.

Sundag håpar han Bardal og lagkameratane kan kjempe om ein andreplass, bak austerrikarane.

– Det ser ut som Austerrike igjen er for sterke for oss, men om gutane held trøkket oppe er moglegheita for ein pallplass til stades, seier Bråthen.

VIDEO: Sistehoppet til dagens vinnar, Robert Kranjec

Video Kranjec vant i Planica

Kranjec vant i Planica.

Siste nytt

  • Storhamar knuste Vålerenga

    Storhamar var klart best og vant den tredje kampen 4-1 i NM-finaleserien mot Vålerenga.

    Laget fra Hamar leder nå 2–1 i kamper, og mangler to seire på å sikre seg kongepokalen.

    Storhamars Sverre Rønningen ble kampens store spiller med to mål for vertene.

    NM-sluttspillet ishockey menn, finale 1. kamp (best av 7), Storhamar -Vålerenga (5-1)
    Foto: Lise Åserud / NTB
  • Norsk hockey-tap i Ungarn

    Norge tapte 1–2 mot Ungarn i en privatlandskamp i ishockey fredag kveld.

    Viktor Granholm scoret Norges mål i overtall i det som NTB omtaler som en kamp som «ikke vil bli husket lenge».

    Norge møter Ungarn til ny kamp lørdag.

    Ishockey, treningskamp: Norge-Frankrike (3-4)
    Foto: Alf Simensen / NTB
  • Lyn vant etter kjempetabbe

    Lyn tok sesongens første seier da LSK Kvinner ble slått 1–0 i Toppserien fredag kveld.

    Kampens eneste scoring kom etter en fæl tabbe fra LSKs forsvarsspiller Camilla Huseby. Hun spilte ballen rett i beina til Lyns Jenny Røsholm Olsen, som vippet ballen over keeper og i mål.

    Lyn står dermed med fire poeng på fire kamper, mens LSK Kvinner står med to seirer og to tap etter fire runder.

    Toppserien i fotball 2024: Portretter av Lyn
    Foto: Fredrik Varfjell / NTB

Sendeplan

Kl. Program Kanal