– Det kosta alt eg hadde. Det var derfor det blei eit par elgbrøl der på slutten. Eg klarte ikkje å la vere, gliser ein sliten roar.
Nils Jacob Hoff har akkurat sikra seg ein svært viktig siger med berre fire små sekund på Årungen. Sigersbrøla i mål vitna om kor viktig og kor tungt det er å kome seg til Rio.
– Det hadde vore veldig trist om det ikkje hadde gått. Da hadde eg hatt sommarferie nå, seier Hoff til NRK.
Tufte sikra plassen
Seks roarar kjempa i dag om å bli innstilt til ein OL-plass i singleculler. Plassen sikra Olaf Tufte under VM i Frankrike i fjor, men sidan han kvalifiserte seg saman med Kjetil Borch i dobbeltculler tidlegare denne veka, var ikkje han med i denne kvalifiseringa.
Kampen stod mellom Nils Jakob Hoff, Martin Helseth, Erik Solbakken, Oscar Stabe Helvik, Bjørn Jostein Singstad og Joakim Bøhn.
I det fyrste heatet tidleg i dag var Nils Jacob Hoff klart best og vann med fem sekund ned til Martin Helseth på andreplass.
I det andre heatet tok Helseth revansje, men var berre såvidt framfor Hoff og dermed blei Hoff samanlagtvinnar med fire sekund.
Hoff blir derfor innstilt som roforbundets kandidat til singlesculleren, men det er Olympiatoppen som gjev det endelege klarsignalet neste veke.
– Me kan ikkje svare på at han får plass, men me kjem til å innstille han og håpar at det blir godkjent, seier assisterande landslagstrenar, Johan Lidberg til NRK.
Hadde berre nokre dagar på seg
Etter at Nils Jakob Hoff blei vraka i dobbeltsculleren saman med Kjetil Borch tidlegare i år, har den tidlegare verdsmeistaren vore ein del av ein firarbåt. Da dei ikkje klarte å kvalifisere den båten til OL, fekk han sjansen til å kvalifisere seg i singleculleren.
Berre for nokre få dagar sidan fekk dei beskjeden om uttaksløpet på Årungen i dag.
– Det kunne ideelt sett blitt gjort på ein annan måte. Men det var sånn det blei og det er likt for alle. Me har fått nokon gode økter saman og eg har ligge bak desse gutta og fått bank. Men eg har klart å vri om brytaren og blitt betre kvar dag, fortel Hoff.
– Kor stor skilnad er det på ein firarbåt og vere aleine i båten?
– Det er som å gå frå løfte markløft med 150 kilo til 50 kilo. Ein gjer det på ein heilt anna måte.
Landslagstrenar Lidberg er svært imponert over korleis Hoff har omstilt seg.
– Han er ein stor idrettsmann. Han har gjort ein fantastisk reise sidan han gjekk ut av dobbeltsculleren med Kjetil. I dag parkerte han litt på slutten der og gjekk totalt inn i veggen, men hadde dei sekunda som krevst, seier Lidberg.