Hopp til innhold

No ser det skikkeleg mørkt ut for Brann

Etter 16 kampar står Brann med fattige tolv poeng i eliteserien. Statistikken syner at det betyr nedrykk til 1. divisjon.

Erdin Demir

MOTGANG: Historia syner at Brann nærmar seg nedrykk. Etter innføringa av 16 lag i eliteserien i 2009, har ingen lag overlevd med berre 12 poeng på dei 16 første kampane. I går vart det kun eitt poeng for Erdin Demir (biletet) og Brann borte mot Stabæk.

Foto: Braastad, Audun / NTB scanpix

Rikard Norling

INNSER ALVORET: – Vi kan så mykje betre og vi må byrja å vinne kampane, seier Brann-trenar Rikard Norling.

Foto: Braastad, Audun / NTB scanpix

Ein må tilbake til 1985 sist Brann rykka ned frå den øvste divisjonen. Viss ikkje raudtrøyene snart byrjar å plukke trepoengar, kan historia gjenta seg, nesten 30 år seinare.

Etter berre 1–1 borte mot Stabæk i går kveld ligg bergensarane no på nest siste plass på tabellen, med 12 poeng etter 16 spelte kampar.

Og statistikken er klar i sin tale; etter innføringa av 16 lag i eliteserien i 2009, har ikkje noko lag klart å overleve med berre tolv poeng eller færre etter 16 serierundar, skriv VG i dag.

Vel å vera positiv

Brann sin svenske trenar Rikard Norling, som vart henta inn til jubelrop frå fansen før sesongen, har fullt klar over den alvorlege situasjonen som klubben er i no. Likevel valde han å vera positive etter poengdelinga på Nadderud i går kveld.

– Det er eit poeng, men vi var nær å tapa alle tre. Med tanke på at Stabæk tok leiinga på overtid og vi greier å slå tilbake så tar vi med oss det positive.

– Eitt poeng er betre enn ingenting, men vi må vinna kampar no, slår Norling fast.

– Vi kan så mykje betre

Skaanes jublar

JUBEL: Kasper Skaanes (til høgre) jublar saman med Azar Karadas og Erlend Hanstveit. Ungguten sikra eit livsviktig poeng i siste liten mot Stabæk i går kveld.

Foto: Braastad, Audun / NTB scanpix

Det såg håplaust ut då Stabæk sin Jon Inge Høiland i det 90. minutt slo nyinnkjøpte Azar Karadas i ein hovudduell i feltet. Ballen trilla i mål og Brann såg ut til å gå på nok eit tap.

– Det er klart ein blir irritert. Det kjennest som alt går mot oss og at vi må kjempa mot alt.

Men raudtrøyene viste mot og gjekk rett i angrep i eit heilhjarta forsøk på å få med seg eit livsviktig poeng. Norling skryt av spelarane sine.

– Spelarane viser ei flott innstilling og går rett i angrep. Vi vil mykje og vi kan så mykje betre. Vi går inn i ei ny treningsveke no og skal jobba hardt vidare.

– Men når skal dykk vise at de kan?

– Eg tykkjer vi har vist det. Vi har vunne i cupen og så vann vi over Viking tidlegare denne månaden. I dag meiner eg vi gjer ein god taktisk innsats.

– Livsviktig

Erik Huseklepp stod på sidelinja då Kasper Skaanes heada inn utlikninga og fastsette sluttresultatet til 1-1-

– Sånn som det blir, så er det målet og poenget livsviktig. Målet kjem seint i mot, og plutseleg er Stabæk ti poeng føre oss på tabellen. Så utliknar vi og kappar ned forspranget. Det er stor forskjell på tap og uavgjort akkurat i dag, sa spissen til NRK etter kampslutt i går kveld.

Målmessig har Huseklepp hatt ein særs svak sesong. 29-åringen har ikkje skåra eit einaste mål i ligaen, og skal Brann ha håp om å berga plassen må lysluggen opne skåringskontoen.

I går starta han kampen på vingen.

– Eg ynskjer å skåra mål. På vingen i dag prøvde eg å spela fram dei andre, men eg jobbar hardt for å få dei måla så snart som mogleg.

Meiner Brann treng 35 poeng totalt

Azar Karadas for Brann

– MÅ TA 23 POENG TIL: Azar Karadas er kjøpt inn for å ha meir musklar og duellstyrke i nedrykksstriden.

Foto: Braastad, Audun / NTB scanpix

Denne veka kjøpte Brann Azar Karadas frå Sogndal. Han er henta for å bringe musklar og duellstyrke inn i laget. Til VG seier Karadas at Brann treng 23 poeng på dei 14 siste kampane, skal det vera håp om Eliteseriespel også neste sesong.

– Det er ein tøff jobb framføre oss. Det er vi klar over, men vi kan berre ta ein kamp om gongen og vera nøyaktige i treningsarbeidet, seier 32-åringen til avisa.

Førre sesong var Start dømd nord og ned då dei hadde 15 poeng på same tid i fjor, men laget greidde å snu sesongen på hovudet på hausten og berga plassen. Hønefoss enda på kvalifisering etter 13 poeng på dei første 16 kampane i 2010, men rykka ned etter tap i kvaliken.

Siste nytt

  • Storhamar knuste Vålerenga

    Storhamar var klart best og vant den tredje kampen 4-1 i NM-finaleserien mot Vålerenga.

    Laget fra Hamar leder nå 2–1 i kamper, og mangler to seire på å sikre seg kongepokalen.

    Storhamars Sverre Rønningen ble kampens store spiller med to mål for vertene.

    NM-sluttspillet ishockey menn, finale 1. kamp (best av 7), Storhamar -Vålerenga (5-1)
    Foto: Lise Åserud / NTB
  • Norsk hockey-tap i Ungarn

    Norge tapte 1–2 mot Ungarn i en privatlandskamp i ishockey fredag kveld.

    Viktor Granholm scoret Norges mål i overtall i det som NTB omtaler som en kamp som «ikke vil bli husket lenge».

    Norge møter Ungarn til ny kamp lørdag.

    Ishockey, treningskamp: Norge-Frankrike (3-4)
    Foto: Alf Simensen / NTB
  • Lyn vant etter kjempetabbe

    Lyn tok sesongens første seier da LSK Kvinner ble slått 1–0 i Toppserien fredag kveld.

    Kampens eneste scoring kom etter en fæl tabbe fra LSKs forsvarsspiller Camilla Huseby. Hun spilte ballen rett i beina til Lyns Jenny Røsholm Olsen, som vippet ballen over keeper og i mål.

    Lyn står dermed med fire poeng på fire kamper, mens LSK Kvinner står med to seirer og to tap etter fire runder.

    Toppserien i fotball 2024: Portretter av Lyn
    Foto: Fredrik Varfjell / NTB

Sendeplan

Kl. Program Kanal