- I samråd med spelarutvalet gjekk vi i helga i samtalar med Kristian for å sjå på om det var ein tilleggsjobb han ville og hadde mogelegheit til å ta på seg, og han svarte at det vil han. Dei formelle tinga rundt dette må vi ta når alle partar får tid, men vi har ein avtale med Kristian at han blir spelande trenar for DHK ut sesongen, sier styreleiar i Drammen, Leif Kronstad, til Drammens Tidende.
NRK har vore i kontakt med Kristian Kjelling, som seier at han ikkje vil kommentere saka enno.
Klokka 16.15 i ettermiddag skal det vera spelarmøte i Drammen, der spelarane skal bli informert om den nye trenaren.
I helga valde klubbens trenarar, Øystein Havang og Roger Kjendalen å trekkje seg frå stillinga som trenarar.
– Summen av utanomsportsleg støy og utfordringar, saman med at resultata ikkje har gått slik vi ønska, gjer at vi velger å forlate klubben no, sa avtroppande trenar Øystein Havang til NRK i helga.
Drammen har fått ein tøff start på sesongen og ligg heilt nede på ein tiandeplass i serien. I tillegg har dei slite med utanomsportslege episodar, der blant anna Frank Løke fekk sparken etter ein episode på klubbens julebord.
Etter ein lengre spelepause i samband med EM, speler Drammen sin første kamp på lenge, borte mot Runar Sandefjord, 10. februar. På motsett banehalvdel i den kampen står Frank Løke.