– Eg er ikkje ein bekymra person, det er det de journalistar som plar vere. Så eg synest det er fint å ha det sånn. De kan kan vere bekymra, så kan eg forsøke å vere optimist på vegne av den norske nasjonen og jentene. Og så får de fortsette å vere pessimistar og litt tvilande til utviklinga, seier ein småirritert Hergeirsson på spørsmål frå NRK om han er bekymra for fortsetjinga av meisterskapen.
Rakna like før pause
Då hadde eit redusert Norge nettopp tapt 29-25 mot Ungarn i Debrecen. Heldigvis var Norge allereie klare for semifinalen.
For i den siste gruppespelskampen var fleire av dei norske jentene slått ut med sjukdom.
Både Camilla Herrem og Sanna Solberg måtte holde senga. Og fleire andre jenter hadde føling med feber i timane før kampen.
Og då Hergeirrson satte innpå eit urutinert lag mot slutten av første omgang rakna Norge. Ungarn vann dei åtte siste minutta av omgangen med 7-0.
– Det blir ei luke vi ikkje klarar å tette igjen. Men eg er fornøgd med store delar av kampen. Siste fem minuttane av første omgang raknar vi litt. Det er delvis fordi vi rullerar ein del, og så er det litt for at vi slurvar framover. Ellers er kampen jamn mot eit av laga som kunne nå semifinalen i dette EM, seier Hergeirrson til NRK.
50-50-kamp mot Sverige
– Kva tenkjer du om sjukdomssituasjonen i laget no?
– Eg har sagt det før. Vi har ein doktor som diskuterar sjukdom, sjukdomsdiagnosar og sjukdomstilfelle. Det er ikkje mitt ansvar. Så eg viser til lege Nils Leraand på det. Du skal vite at vi har meget gode rutinar på sånne ting, og ingenting er overlatt til tilfeldigheitene. Så kan du ta deltaljane med han, seier Hergeirsson NRK.
Fredag kveld ventar eit friskt og heiltent Sverige i semifinalen i Budapest. No er tiltak allereie satt i verk for å få dei norske jentene sjukdomsfrie og kampklare. Dei med sår hals blir isolert på EM-hotellet.
– Korleis ser på kampen mot Sverige?
– Dei er eit godt lag, og eit meget sterkt kollekttiv. Sjansen vår er 50-50 slik det ser ut no. Og det er ein ganske god mulegheit, seier Thorir Hergeirsson.