Ein skuffa Tiger Woods på veg til hol nummer 18.
Foto: PHIL NOBLE / Reuters– Han har mista spelet og fornufta, sa Nick Faldo (bak) etter Tiger Woods (framfor) dårlege runde. Her får Woods Masters-jakka i 1997.
Foto: MIKE BLAKE / ReutersEtter eit dårleg utslag klikka fullstendig for tidlegare verdseinar Tiger Woods på den berømte Augusta-banen i Georgia, USA i går.
9-jernet fekk gjennomgå etter at Woods mista greenen på hol nummer 16.
– Eg trur vi ganske sikkert kan seie at Tiger har mista storspelet sitt, og fornufta, sa Nick Faldo, som seks gangar har vunne ein major-turnering, til Golf Channel.
Lagt bak leiinga
Superstjerna hadde inntil gårsdagens runde hatt ein heilt grei start på årets US Masters, men no kan ein seie at golfsportens aller største profil slit kraftig.
Etter utbrotet, og etter runden måtte Woods innsjå at han hadde avslutta fredagen på 75 slag, tre over par.
Amerikanaren er dermed åtte slag bak leiarane Jason Dufner og Fred Couples.
Woods: – Turneringa er ikkje over
Woods har likevel ikkje gitt opp kampen om årets Masters-tittel.
– Eg veit korleis ein skal halde på tolmodet, og skjønnar korleis ein skal få ut sitt aller beste, sa Woods.
– I fjor meiner eg å hugse at eg avanserte med sju slag på siste runde. Denne turneringa er ikkje over, konstaterte 36-åringen.
Kan vinne 20 år etter sin førre Major-tittel
Saman med Jason Dufner leier 52 år gamle Fred Couples an i turneringa. Begge er fem slag under par etter to rundar, og har 139 slag totalt.
Couples var i fyr og flamme etter fredagens runde. Amerikanaren vann sin hittil einaste major-tittel i 1992, og no skal han gje alt for å kapre sin andre.
– Her må eg bare konsentrere meg om mitt eige spel. Eg kan ikkje tenke for mykje på dei som ligg nær meg plasseringsmessig. Om eg held fram med å spele opp mot mitt aller beste, trur eg at vinnarsjansen er til stades, sa Couples.
Fred Couples har god grunn til å glise. Amerikanaren ligg i tet etter to rundar av årets US Masters.
Foto: JAMIE SQUIRE / Afp