Episoden skjedde på eit brusteinsparti 25 km før mål. På den trange vegen var det tett mellom ryttarane.
Froome prøvde å avansere på utsida. Men han toucha albogen til ein Katusja-ryttaren Jacopo Guarnieri, kom litt langt ut på kanten og kom borti ein kant. Men han klarte å gjenvinne kontrollen og kaste seg inn i vegen igjen.
Tok nesten med seg Boasson
Der klarte han også å unngå kollisjon med ryttarane på innsida, mellom dei Edvald Boasson Hagen som var like innanfor briten.
Derfor klarte han å halde følgje med hovudfeltet. Froome kom inn som nummer 17, berre tre sekund bak Tony Martin.
– Det fortel at Chris Froome enno ikkje er nokon akrobat. Det var på hengande håret at han ikkje gjekk på trynet. Og då kunne han vore ute av dansen – ingen veit korleis eit kragebein oppfører seg i 45 km i timen, seier Pedersen, som kommenterte etappen på NRKs radiosending.
Køyrde ut på brustein i fjor
På tilsvarande etappe i fjor, også det på eit brusteinsparti, klarte han det ikkje. Då vart han også pressa ut,
, som den første tittelforsvararen sidan 1980 som ikkje klarte å fullføre.– Du kan vel seie at han viste eit glimt av gamal veikskap. Men han viste samstundes at han er mykje betre enn i fjor, seier Pedersen.
Den gongen var han også skadd etter eit krasj dagen før.
Men denne gongen kom han unna. Briten mista rettnok leiartrøya, men er framleis nummer to, berre 12 sekund bak etappevinnar og samanlagtleiar Tony Martin.
Det gjer at Froome framleis er storfavoritt til samanlagtsigeren.
Men det var berre millimeter for at det vart spolert på brusteinen i Nordaust-Frankrike i dag.