– Det er utruleg kult å vere ein del av dette laget. Det er stort å sitte ved siden av Bjørndalen, som eg såg under VM i Holmenkollen i 2000. Det blir veldig moro å gå her, seier Bjøntegaard, som er nykommaren på det norske sprintlaget.
– Mindre nerver
Emil Hegle Svendsen er usikker på kor god formen er før sprinten.
– Eg er usikker, men går eg på mitt beste blir det bra, seier den meritterte VM-løparen.
Johannes Thingnes Bø har rista av seg dei store nervene han hadde før mixed-stafetten.
– Det er masse folk som heiar på oss norske. Før start hadde eg masse nerver, men etter kvart blei det som eit vanleg verdscuprenn. Derfor er eg meir roleg framfor sprinten, seier Thingnes Bø.
Bjørndalen: – Ingen favoritt
Ole Einar Bjørndalen har ein verdscuptriumf og tre øvrige pallplassar denne sesongen, men reknar ikkje seg sjølv som favoritt.
– Basert på prestasjonane etter nyttår er eg ingen favoritt, men eg håpar at eg no er i min beste form.
– Korleis ser ein optimal sprintkonkurranse i Holmenkollen ut for deg?
– På ein optimal dag føler eg meg lett og sterk og er i stand til å gå ein god sisterunde. At eg føler eg har fått ut det eg er god for. Resultatet speler ikkje så stor rolle.